Kommentar til kritikken av underteikna som ordføraren m. fl. kjem med i tysdagsavisa:

1. Eg er fornøgd med å ha klart å reise ein debatt, om enn i siste liten.

2. At fylkeskommunen er kontakta i høve det som står i intensjonsavtalen om vidaregåande skule, er ei heilt ny opplysning. Denne skulle eg gjerne sett dokumentert. Uansett er det neppe ein feilaktig påstand at Eid og Gloppen ikkje kan ha fått nokon garanti om at det blir slik vi ynskjer. Siri Sandvik er også einig med meg at det ikkje er ein feilaktig påstand at vidaregåande skular har blitt føreslegne nedlagt før, og at det kan skje igjen.

Dersom lokalpolitikarane har påverknadskraft når det gjeld vidaregåande skule, må ein stille fylgjande spørsmål: Neste gong det blir kamp mellom Stryn, Eid og Måløy, stiller Eid då sterkare eller svakare om kommuneleiinga er flytta til Sandane??

3. Kva slags gjennomgangstrafikk skal gå over Lote – Anda når det er bygd tunell under Utvikfjellet og bru i indre?? Er det slik at ordføraren likevel vil ha ein omkamp om kvar E 39 skal krysse Nordfjorden?? I såfall har han mi fulle støtte.