I Fjordabladet 19. mai etterlyser Olav M. Hjelle «sunn skepsis» til kommunesamanslåing mellom Eid og Gloppen. I innlegget peikar han på fleire område, som. t.d. vidaregåande skule og lensmannkontor, som han fryktar at Eid set på spel ved å akseptere at kommunesenteret i ein samanslegen kommune skal ligge på Sandane. Også bru mellom Lote og Anda er Hjelle tydelegvis skeptisk til mogleg finansiering av - og meiner Eid burde slege seg saman «gratis» med kommunar vi frå før er landfaste med. I tillegg har han sterke innvendingar mot prosessen med kommunesamanslåing både lokalt og sentralt.

Eg er samd med Hjelle i at det er sunt å også setje eit kritisk søkelys på ulike prosessar og endringsframlegg før ein bestemmer seg - men eg vil samstundes understreke at dette må vere tufta på realisme. Den enklaste forma for skepsis er å seie nei til endringar og tru at ved å sementere dagens struktur så skal alt vere som før. Men faktum er at uansett om vi slår oss saman med andre eller vi vel å behalde dagens kommune så vert ikkje alt som før! Dette har rådmannen i Eid vore svært tydeleg og ærleg på i sine orienteringar både til politikarar og i folkemøte.

Eg har vore til stades på to orienteringsmøte om kommunesamanslåing i Eid, også på folkemøtet som Hjelle refererer til i Operahuset Nordfjord. Eg synest i motsetnad til Hjelle at prosessen lokalt har vore god, og politikarar og rådmann har gjeve gode og objektive orienteringar både om prosessen og om intensjonsavtalen. At ein i Operahuset valde å samle dei frammøtte i grupper og la alle notere synspunkt på lappar var eit ærleg forsøk på å få fram flest moglege synspunkt. Møteleiinga hadde innsett at dersom ein skulle la alle som hadde meiningar få ordet kvar for seg så hadde ein ikkje vore ferdige med møtet før langt ut på morgonen dagen etter!

Prosessen frå sentralt hald kan nok både Hjelle og underteikna vere kritiske til - men skal vi vere ærlege så kunne vi vel vore det uansett korleis denne prosessen hadde sett ut!

Er det no nødvendig å få færre og større kommunar her i landet? Ja, det er brei semje i Stortinget om at kommunekartet i Noreg må endrast. Dette er ikkje tilfeldig, og det er heller ikkje noko som sitjande regjering har funne på slik enkelte har prøvd å framstille det. Dette er ein konsekvens av utviklinga dei siste 40 - 50 åra uavhengig av kva politiske parti som har site i regjering. Oppgåvene til kommunane har blitt fleire og meir omfattande og kommunikasjonsmønsteret og kommunikasjonskanalane har endra seg dramaitsk. Når ein då veit at Noreg med vel 5 mill. innbyggjarar, omlag det same som forstadane til London, har 425 kommunar og 19 fylkeskommunar så bør det her vere eit betydeleg potensiale for betre ressursutnytting for å løyse oppgåvene.

Som eksempel på oppgåver kommunane har fått kan eg nemne dei rettigheiter som Stortinget opp igjennom åra har gjeve til ulike grupper i samfunnet vårt. Dette gjeld t.d. sjuke, handikappa, ungdom, eldre, osv. Dette er bra - for desse gruppene treng den tryggleik og det vern som slike rettigheiter gjev. Kommunane si utfordring er at det er dei som skal oppfylle desse rettigheitene - og det har aldri følgt med nok ressursar frå Staten si side for ivareta dette. I tillegg skal kommunane sjølvsagt ivareta dei allmenne oppgåvene som skule, eldreomsorg, helse, arealplanlegging, osv. Kommunane må difor snu på alle «steinar» og flytte alle «brikker» for å møte krava. Dess mindre kommunane er dess færre «steinar» er der å snu og dess færre «brikker» er det som kan flyttast på. Dei som har høyrt på rådmannen i Eid si orientering om oppgåver og ressursar har fått eit klart bilete av kommunane sine utfordringar med noverande oppgåver - og vi veit at det kjem endå fleire oppgåver i framtida.

Eg har lese intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen, med tilhøyrande dokument, og eg meiner at forhandlingsutvala i dei to kommunane har gjort ein svært god jobb! Intensjonsavtalen ber ikkje på nokon måte preg av at den eine har prøvd å «rane til seg» funksjonar og arbeidsplassar frå den andre, men av gjensidig tillit og felles ynskje om å skape best moglege vilkår for enkeltmenneske, næringsliv og kommunale tenester i ein samanslegen kommune! Om samanslåing vert vedteke vil denne intensjonsavtalen vere retningsgjevande for det nye kommunestyret - eit kommunestyre som er samansett av personar frå begge dei noverande kommunane.

Kommunesenteret må ligge enten på Sandane eller på Nordfjordeid, og når Sandane er valt så deler eg ikkje Olav M. Hjelle si frykt for negative konsekvensar. Korleis politiet i framtida vert organisert veit vi i dag lite om. Vi veit soleis ikkje om det i det heile vert lensmannskontor i alle kommunar. Men vi ser at politiet i sine vurderingar legg langt meir vekt på operative område enn på kommunegrenser. I krisehandtering må politiet også kommunisere effektivt med alle kommunane, uavhengig av om dei er lokalisert på Sandane, på Nordfjordeid, i Stryn eller i Måløy.

Dei vidaregåande skulane har for lengst innsett at å tilby utdanningstilbod som ungdomen spør etter, samt kvaliteten på dette tilbodet, er langt viktigare enn kvar ein er fysisk lokalisert. Difor er det gledeleg at dei vidaregåande skulane i Eid og Gloppen er positive til samanslåingstanken, og her ser moglegheiter for utvikling i staden for frykt for nedlegging.

Vi veit også at finansiering av bru mellom Anda og Lote ikkje er «plankekøyring». At ferjefritt samband her er avgjerande for vidare utvikling av næringsliv og bu-og arbeidsområde er likevel udiskutabelt. Samanbinding av to deler av same kommune kan vere avgjerande for å få dette realisert. Eg er i alle fall overtydd om at dersom vi seier nei til samanslåing av Eid og Gloppen så reduserer vi sjansane for bru Anda-Lote vesentleg!

Så langt har freistnader på kommunesamanslåing gått dårleg i områda rundt oss. Både i Selje, Vågsøy, Vanylven, Ørsta og Volda er framlegga avviste. Volda vil no gå vidare på sporet Hornindal/Stryn men vi veit enno ikkje kva som kjem ut av dette. Eid har, som Hjelle peikar på, tidlegare vore i samtaler med kommunane både vest og aust for oss utan at dette har gjeve resultat. Berre i samtalene med Gloppen har det vore klima for å skape ein felles plattform. Dette trur eg også kan ha si årsak i at Gloppen og Eid i mange år har samarbeidt godt og også har hatt samanfallande syn i mange viktige spørsmål. Eidarane veit at glopparane er gode samarbeidspartnarar og glopparane veit det same om Eid. Difor trur eg sjansen for konstruktivt samarbeid, i staden for «polarisering på gamle kommunar», er størst ved å slå saman Eid og Gloppen.

Endringar er alltid vanskelege - og eg er samd med Olav M. Hjelle i at vi bør setje oss så godt som mogleg inn i saka før vi stemmer. Men ein ting er likevel heilt klart: dei to kommunane har no ein eineståande sjanse til å skape eit verkeleg tyngdepunkt i Nordfjord før nokon annan gjer det! Og nokon må tore å ta det første steget! Nokon må gå føre og bane veg! Tanken om ein endå større kommune i Nordfjord treng slett ikkje å vere død! Historia har vist oss gong på gong at der nokon har gått føre er det lettare for andre å gå etter. Det interkommunale renovasjonsselskapet NoMil kan t.d. vere eit eksempel på dette. Ein kommune samansett av dagens Eid og Gloppen vil t.d. også vere meir intressant å tilhøyre for bygdelaga Hopland/Randabygda, Bryggja og Bjørkedalen enn Eid er åleine. Også frå Selje har det etter folkeavstemminga der vore røyster som har teke til orde for å sjå innover i fjorden....!  Det er mykje vi ikkje veit - særleg om framtida! Mykje vil skje utan at vi har påverknad på resultatet. Men det er også noko vi har moglegheiter til å påverke! Ein av dei tinga er å skape ein god og framtidsretta kommune i Nordfjord. Den moglegheita har vi no! Difor er mitt råd: bruk røysteretten ved folkerøystinga 30. mai - og stem ja til samanslåing mellom Eid og Gloppen!