Eid Barne- og ungdomskor har eksistert i ein del år. Barnekoret har heile 41 medlemmer, medan ungdomskoret er inne i eit generasjonsskifte og slit litt med rekrutteringa. Laurdag ettermiddag arrangerte kora basar og konsert i foajeen i Operahuset.

Lært av korpsa

–Det kostar litt å drive Eid Barne- og ungdomskor, så dette er ein del av jobben med å skaffe litt midlar til drifta. Vi må nok vedgå at vi har adoptert det som korpsa i kommunen gjer når det gjeld basar. I tillegg til at det gir litt pengar i «korkassa», så ser vi her i dag at dette er ein flott måte å møtast på, sa Benedikte Demring som var glad for at det hadde møtt fram så mange til konserten og basaren.

Vist seg fram

Dei 41 medlemmane i Eid Barnekor er elevar frå 1. til 7. klasse i barneskulane i Eid. Ungdomskoret består av dei elevar som har gått ut av barneskulen.

– Det er veldig kjekt å oppleve at så mange har begynt i koret. I tillegg basar er det også viktig at borna får vist seg fram for foreldre, slekt og vener, sa Demring som ønskjer seg endå fleire medlemmer i ungdomskoret.

– Litt av utfordringa i rekrutteringssamanheng, er at det berre er ein frå 6. klasse og ein frå 7. klasse i barnekoret. Ser vi litt lenger fram enn eitt til to år, så ser det litt lysare ut. Men vi legg ikkje skul på at vi har ein jobb å gjere når det gjeld rekruttering, sa Demring.

Dirigent: Benedikte Demring. Foto: Tormod Flatebø