Spenninga har vore stor om Karpe Diem ville kome eller ikkje til Nordfjordeid på ein snartur.

–No kan eg bekrefte at Karpe Diem kjem. Det vert to framsyningar på kinoen denne kvelden, og etter planen skal Karpe Die kunne møte fans på begge framsyningane, stadfestar Elin Paulsen ved Eid kino.

–Det er utruleg kjekt at dei valde å kome til oss, jublar ho.

Sist Karpe Diem var på Nordfjordeid var under Malakoff Rockfestival sist sommar, der mottakinga frå publikum var enorm.