–Du er ikkje ekte viking, du har berre kledd deg ut, meinte Tor Erik frå Golvsengane barnehage, då han snakka med vikingane og fekk ta på eit ekte vikingsverd.

Vikingtreffet mellom barn og vikingar har vorte fast tradisjon på Rundehojen i samband med kulturnatta, der barna sit på toppen av ei ekte vikinggrav. Ordførar Alfred stilte som Kong Audbjørn, kultursjef Geir Holmen som viking, i tillegg til at vikinglinja ved Fjordane folkehøgskule deltok.

Fleire av barnehagebarna sette opp ei forskrekka mine då vikingane begynte å sloss, men var likevel overbevist om at dette var berre nokon som hadde kledd seg ut. Og at Minibakeriet stiller med vikingbollar til alle er noko barna veit å sette pris på.