Om akkurat ei veke står ho på scena i Telenor Arena, som ein av ti finalistar i Melodi Grand Prix junior. «Verda vår» heiter den sjølvskrivne låten ho framfører.

Den handlar om det å ta vare på alle som kjem inn i landet som flyktningar og at vi ønskjer dei velkommen. Eg håper det er eit tema som treff mange, seier den reflekterte 14-åringen, som sjølv har ein bestevenn som er flyktning.

– Eg starta på songteksten i ein orsktime og jobba vidare med den heime ved pianoet, og då det var påmelding til MGP junior rett etterpå, syntest eg det var gøy å prøve å sende den inn, fortel ho.

Elskar å synge

Song har stått hjartet hennar nær allereie i mange år, og begynte å synge i gospelkor som fireåring.

– Eg elskar å synge, og føler meg så avslappa når eg kan gjere det, seier ho.

Oselie er scenevant, og har mellom anna vore med fire gongar på ungdommens kulturmønstring då ho var både 9, 10, 11 og 12 år.

– Eg blei sendt vidare for å representere Eid i fylkesmønstringa også. Det var stas, fortel ho, som elles er aktiv innan skiskyting, langrenn og fotball.

– Det er viktig å ha forskjellig å vere opptatt av, meiner ho.

Heiagjeng

Det vert likevel langt større forhold å stå på scena framfor eit stappfullt Telenor Arena.

– Eg gleder meg. Det blir så gøy og spennande. Og så er det stas at halve klassa skal nedover for å heie på meg, smiler ho.

Oselie får ein stor lokal heiagjeng mellom publikum. Nærmare 400 små og store eidarar skal nedover. Det har og vorte laga eiga Oselie-t-skjorte, som no nesten er utseld.

Alle har friskt i minne då dei andre eidajentene Vilde og Anna stakk av med sigeren under fjorårets MGP junior.

Stolte

– Det skal noko til at Eid stikk av med sigeren to år på rad, men det gir meg eit kick at Vilde og Anna klarte det i fjor. Men eg er fornøgd med å kome dit og oppleve å vere med på MGP junior, seier ho.

Oselie er eldst i ein syskenflokk på fem.

– Alle dei heime støttar meg og gleder seg veldig mykje på mi vegne. Sjølv om det er mykje fokus på meg no, så ser dei at det er stort for meg og heiar på meg, smiler ho. Til vanleg går ho på Eid ungdomsskule, og også klassa hennar uttrykkjer glede på Oselie si vegne. Lærarane og halve klassa skal også til Oslo for å heie på henne.

– Dette blir spennande. Eg er av dei som skal til Oslo og sjå henne vinne live, seier klassevenninna Anna Vikbakk.

– Vi er stolt av henne, seier Foos Abdi.

Dialekt

Årets motto for MGPjr-finalen er «Hjertespråk», som også er tittel på og bodskapet i årets felleslåt. Den ligg allereie på YouTube og kom på Spotify torsdag. Og Oline syng på eida-dialekt, noko alle finalistane vert oppfordra til å gjere.

Måndag eller tysdag reiser Oselie til Oslo, der det vert fullt program.

– Kva tid eg reiser nedover avheng av om det blir seriefinale mot Stryn for fotballaget mitt. Då må eg vere med der. Fotball er viktig å vere med på, smiler ho.

No gleder ho seg til MGP junior-sirkuset begynner for fullt.

– Eg har allereie sett og blitt fortalt korleis showet skal bli og prøvd korleis alt fungerer. Men det er godt å vite at folk støttar meg uansett korleis det går, seier ho.

UKM: Oselie er scenevant og har sjarmert frå scena i Operahuset mange gongar. Her under UKM på Nordfjordeid i 2011. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
SKI: Langrenn, skiskyting og fotball er også store interesser for Oselie. Men akkurat no er fokuset på å synge under MGP junior i Telenor Arena. Foto: Tormod Flatebø
Finalistane: Oselie Henden (nr. fire frå høgre) saman med dei andre finalistane i MGP junior 2017. Foto: Pressefoto