Laurdag ettermiddag fekk Malakoff-publikummet oppleve det unike med festivalen.

Aldri nokon gong har det vore så mykje folk inne på Malakoff Rockfestival så tidleg på ein laurdag ettermiddag. Grunnen til det var at Vilde og Anna, vinnarane av MGP-junior, skulle fram føre vinnarmelodien «Vestlandet», landsdelen sin nye nasjonalsong.

Denne gongen fekk publikum langt meir av dei to jentene, som viste at dei har langt meir inne enn songen som er blitt landsdelen sin kjæraste melodi.