Dei prioriterte festivalane er Førdefestivalen, Norsk Countrytreff, Malakoff Rockfestival, Nynorske Litteraturdagar, Gloppen Musikkfest og Teaterfestivalen i Fjaler.

At desse er prioriterte, betyr ikkje at ikkje andre festivalar også kan få støtte frå fylkeskommunen. Men det betyr at desse seks er dei festivalane fylkeskommunen vil inngå fleirårige avtalar med i samband med søknad om tilskot frå kulturrådet.

Fylkeskommunen nyttar i dag om lag 5,3 millionar kroner til festivalar i året. Planen er at denne summen skal liggje fast også i åra framover.

Les heile festivalstrategien her

Viktige kultursatsingar

Sogn og Fjordane har mange festivalar, både store og ganske små. Felles for dei er at dei er viktige for lokalmiljøet, kommunane og for fylket som heilskap.

– Festivalane har utvikla seg til å bli ein sentral del av kultursatsingane både i kommunane, i fylket og for staten gjennom Norsk kulturråd. Vi har ambisjonar for festivalane våre, noko som kjem fram gjennom ein slik aktiv og medviten strategi. Det er del av heile den kulturpolitiske satsinga til fylkeskommunen, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Festivalstrategien vert del av den regionale kulturplanen, som skal gjelde frå 2019.

Avløyser knutepunktordninga

Bakgrunnen for festivalstrategien er at festivalar som ønskjer å søkje støtte frå kulturrådet for meir enn eitt år om gongen, må ha ein avtale med vertskommune eller fylkeskommunen.

Fylkeskommunen inngår no ein femårig avtale med Førdefestivalen og treårige avtalar med dei andre prioriterte festivalane. Fylkeskommunen føreset at også vertskommunen inngår avtale med festivalen. Avtalane gjeld frå 2018.

Ordninga med slike avtalar er ny, og avløyser ordninga med knutepunktfestivalar, som gav enkelte festivalar faste statlege overføringar over statsbudsjettet. I Sogn og Fjordane var Førdefestivalen og Norsk Countrytreff knutepunktfestivalar.

Mange prioriteringar

Fylkeskommunen legg ei rekke kriterium til grunn når det gjeld prioriteringar av festivalar i den nye strategien. Desse prioriteringane er:

• Regional/nasjonal funksjon, der ein ser på heile Sogn og Fjordane som ein region. Det er ikkje vektlagt anna geografisk spreiing

• Kunstnarlege og kreative målsettingar og kvalitet.

• Festivalar som produserer innhald sjølve vert prioriterte.

• Festivalar som har markert seg i regionale og nasjonale prosessar og nettverk vert prioriterte.

• Dei som bygger fagmiljø og kompetanse vert prioriterte.

• Publikumspotensial og arenaen sine publikumsmoglegheiter.

• Talentutvikling og rekrutteringsarbeid til scene vert lagt vekt på.

• Det er ingen sjanger som i utgangspunktet er diskvalifisert.

• Tilhøvet til vertskommune vert også vurdert.