No får ho eit eige hefte som peikar på både dei store linjene og dei personlege forteljingane som finst i kjølvatnet.

– Holvikejekta er det einaste fartøyet av sitt slag som er bevart, i heile verda. Fagfolk rangerer den på linje med vikingskipa som eit sentralt norsk kulturminne, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Jekta, som vart bygt på Sandane i 1881, er den einaste store, opne, klinkbygde jekta som er bevart. Tradisjonane kan førast så langt tilbake som til middelalderen.

Blir lansert onsdag

I heftet som blir lansert på Nordfjord Folkemuseum onsdag 14. juni, blir det fortalt om særtrekk ved, og bygging av jekta, og om båtbyggjartradisjonar i Gloppen. Forfattar Ove Eide tek også lesaren med på byferder og opplevingar langs leia til Bergen, der hundervis av jekter kunne vere samla på Vågen på same tid. Du kan også lese om tru og overtru knytt til jektefarten og den store høgtida det var når den kom heim med varer frå Bergen.

– Vi er veldig glade for å kunne gje ut ein publikasjon om Holvikejekta der historikken er samla, i eit lett og tilgjengeleg språk, seier Moe.

Prosjektet er betalt av Nordfjord Folkemuseum med støtte frå Gloppen kommune og Nordfjord Sogelag.

Turar til Bergen

Holvikejekta hadde årleg tre-fire turar til Bergen kvar sommar. I 1906 vart ho sett på land, og var den første gjenstanden i Nordfjord Folkemuseum si samling. Ho står framleis i den opphavlege jektevaulen ikkje langt frå Sandane sentrum.

– Holvikejekta er eit hovudsatsingsområde for museet. Denne publikasjonen er ledd i denne prosessen. Den vil vere viktig lokalt, men ikkje minst nasjonalt med å bringe jekta meir fram i lyset. Vi trur heftet vil gjere at folk får auga opp for at dette fartøyet er like verdifullt som vikingskipa, seier Moe.

Fagfolk rangerer Holvikjekta på linje med vikingskipa som eit sentralt norsk kulturminne, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.
Heftet er rikt illustrert.
I heftet som blir lansert på Nordfjord Folkemuseum onsdag 14. juni, blir det fortalt om særtrekk ved, og bygging av jekta, og om båtbyggjartradisjonar i Gloppen. Forfattar Ove Eide tek også lesaren med på byferder og opplevingar langs leia til Bergen.