Helgesenkoret laga til denne konserten første gong i samband med Seljumannamessa i 2015.

– Sjølv om vi har fylt opp Selje kyrkje til randa og hausta gode tilbakemeldingar etter fleire adventskonsertar, er denne konserten noko av det vi sjølve er mest fornøgd med, seier Paul Jacob Helgesen.

Opp på ny

– Det er ein viktig grunn for at vi set konserten opp på ny. Vi vonar difor at det blir full kyrkje, og sjølvsagt strekkjer vi oss for å gjere den endå betre enn førre gong. I tillegg til koret har vi sett saman eit skikkeleg bra band, så dette blir høg kvalitet. Vi er glade for å ha med oss Jon Inge Sigerland på tangentar, Olga Pavlova og Øystein Eide i tillegg til våre interne medlemmar i bandet, som er under Line Dybedal si musikalske leiing, seier Paul Jacob Helgesen.

Sankta Sunniva

Konserten som Helgesenkoret framfører i Selje Kyrkje er bygd opp kring den kjente soga om Sankta Sunniva. Idun Losnegard vil leie publikum gjennom historia og gjennom konserten. Idun Losnegård er tilsett ved Sogn og Fjordane Teater, og har lang erfaring innan teater.  Sist ho var i Nordfjord spelte ho musikk komedien «Evig Ung», og ho framførte «Juleevangeliet - Miriam si historie» i Selje kyrkje jula -16.  Idun har vore med i Dragseidespelet i fleire år.

Ei lang reise

– Publikum får bli med på Sunniva si reise, frå Irland, over havet, til Noreg og til Selja, der ho til slutt bad om at steinhellaren, i dag kjend som Sunnivahola, skulle rase over henne og følgjet hennar. Vi kan verkeleg anbefale denne konserten til alle, store som små. Det er ikkje berre gamal musikk ein får høyre. Det blir svært variert, heilt frå gregorianske munkesongen til popmusikk. I tillegg vert det eigenkomponert Sunnivasong skriven av Maria og Hans Helgesen. Dei fleste korsongane er arrangert av Line Dybedal Vederhus. Alle songane er valt ut og laga for å forsterke handlingsgongen i soga, seier Paul Jokob som lovar stor variasjon i dei musikalske uttrykka.

Variert

– Det kjem til å bli variert og stemningsfullt, og vi skal skape stemningar som tek oss over 1000 år tilbake i tid. Det er lenge sidan den irske kongsdottera måtte flukte, men kanskje er historia om denne bestemte kvinna relevant også i dag?