Ein onsdag kvald på Vårtun i påskeveka er noko heilt utanom det vanlege. I dag kan vi gje våre trufaste lesarar levande bilete frå Pskemoro på Hauane, og moro var det.

Det er aldri enkelt å finne ein raud trå i påskerevyane på Vårtun. I år var det mange musikalske innslag med blant anna tidlegare norske innslag i den internasjonale finalen, men om det var den raude tråden skal vi ikkje meine for mykje om. Det er difor like greitt startar med den strålande opninga, for så å følje opp med smakebitar etter som dei rulla over scena.