I ein mannsalder har korpsa kome saman til årleg konsert, først i aulaen på Fjordane folkehøgskule, og sidan 2010 i operahuset. I år er det Kjølsdalen musikklag som er arrangør.
            (Foto: Tormod Flatebø)

I ein mannsalder har korpsa kome saman til årleg konsert, først i aulaen på Fjordane folkehøgskule, og sidan 2010 i operahuset. I år er det Kjølsdalen musikklag som er arrangør.Foto: Tormod Flatebø

Vårkonsert med korpsa i Eid

Søndag 23. april samlar alle korpsa i Eid kommune seg til den tradisjonsrike vårkonserten i Operahuset Nordfjord.

I ein mannsalder har korpsa kome saman til årleg konsert, først i aulaen på Fjordane folkehøgskule, og sidan 2010 i operahuset. I år er det Kjølsdalen musikklag som er arrangør.


Musikantar i alle aldrar

Dei seks korpsa i kommunen har medlemmer frå dei aller yngste aspirantane på åtte-ni år til dei godt vaksne med tiår bak seg i korpsrørsla. Ungt korps er sett saman av aspirantar og juniorar i skulekorpsa, der fleire av dei står på den store scena for aller fyrste gong.


Konkurranseprogram

Det siste året har fleire av korpsa delteke i konkurransar som Sogn og Fjordane-meisterskapen, Nordvesten, NM Brass og NM Janitsjar. Både Kjølsdalen skulemusikk og Eid musikklag stiller med stykke dei nyleg har delteke i konkurransar med.


Solosong og drill

Drill høyrer også med på ein vårkonsert, og drilljentene til Nordfjordeid skulekorps stiller med fire grupper. Kjølsdalen musikklag har invitert med seg sin gode ven Hege Kristin Lillestøl Naustdal og skal saman framføre to nummer som kan appellere til eit breitt publikum. Også Hjelle skulemusikk har songsolistar, frå eigne rekker.


Hyggjeleg stund

Konferansierar på konserten er søskenparet Synnøve (18) og Olav Berstad (16). Begge spelar både i skulemusikken og musikklaget i Kjølsdalen. Arrangøren ynskjer også velkomne til kafeen som opnar ein time før konsertstart, med nysteikte sveler og heimebakst. I pausen vert det blomelotteri.


Deltakarar på Vårkonserten 2017:

Ungt korps

Hjelle skulemusikk

Nordfjordeid skulekorps

Stårheim skulekorps