Treffet vert som i fjor halde på Raftevolds Hotel i Hornindal fredag 21. og laurdag 22. april, og vertskapet der tek godt imot publikum og spelemenn/kvinner. Har du enno ikkje skaffa deg rom er det kanskje ikkje for seint.

Det vil dukke opp to karar som kanskje ikkje alle har helst på tidlegare; Øivind Farmen og Lars Karlsson. Øivind på trekkspel saman med Lars på durspel er dette ein duo som vil sette ei musikalsk ramme på årets Vårbelg. I tillegg kjem Kjell Harald Langhaug med trekkspelutstilling, han vil sjølvsagt demonstrere sine ferdigheiter på instrumentet, noko som er like triveleg kvar gong. Karane som vil vere å sjå på scena i lag med desse og fleire andre er Sigbjørn Brunstad gitar, Per Bredesen bass og Ivar Hovde trommer.

Eid Spelmannslag kjem også og syter for tradisjonell gamaldans av beste sort. I tillegg får vi høyre Åmdal Trekkspelklubb, Roger Lid, Lars Håvik, Ørskog og Omegn trekkspelorkester, Ulstein Trekkspelklubb og gamaldansgruppa Litt Tå Kvart.