Sommarens SommarLutt vert denne sommaren arrangert for niande året på rad. NRK Sogn og Fjordane sender direkte på radio og nett-tv frå sentrum av Nordfjordeid. SommarLutt er eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival.

–Tidlegare har artistar som Eva Weel Skram, Kjartan Lauritzen og Line Dybedal stått på SommarLutt-scena.

Publikumsmagnet

Dei siste åra har SommarLutt-konsertane sala godt over 1.000 publikumarar.

– Sidan vi starta SommarLutt har målet vore å skape ei viktig scene for nye musikarar frå Sogn og Fjordane. Veldig mange har stått på denne scena og imponert oss. Fleire av dei har komme seg vidare til solide musikalske karriere seinare, seier arrangørane Stian Sjursen Takle, NRK Sogn og Fjordane, og Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef for Malakoff Rockfestival, til nrk.no/sf.

– Vi meiner dette er blitt ei av dei viktigaste scenene for nye band her i fylket.

Unge artistar frå tre fylke er klare. Desse er:

Elida Høgalmen

Elida frå Oldedalen gir deg musikk som er både melankolsk og var, og blandar element frå ulike stilartar. Dissonerande vokalloops, arabiske skalaer og særeigen vokal er stikkord. Målet hennar er å formidle alle nyansar av melankolien, frå det såre og lågmælte, til det store og intense. Elida har dei siste fem åra produsert store mengder musikk på soverommet. Men etter at ho i fjor endeleg gjorde sin første konsert i Bergen har det blitt mange scener både i Bergen og Oslo – blant anna på Eggstockfestivalen, Vill Vill Vest, 100 Dagar og Off: Larm. Ho har signert med plateselskap og gjeve ut to singlar.

Jackbow

Rockebandet frå Nordfjordeid består av dei unge karane Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer). Jackbow er eit godt eksempel på korleis hard målbevisst jobbing gjev resultat. Dei har kort fartstid som band, men etter ein kreativ øveperiode i den lokale rockeklubben Gymmen Scene og Studio er dei no klare for livespeling med mange råstilige rockelåtar. Dei gjekk nyleg vidare til landsfestivalen i UKM og gler seg veldig til å vise seg fram på årets Jyplingscene.

Don Wild

Dette bandet byr på stemningsfull "Sing-along pop" med eit driv prega av både blues, rock og sjel i eit klassisk popformat. Bandet er sett saman av med fire karar som strålar speleglede og god kjemi på scena. Nyleg blei Don Wild utvalde til å spele under 100-dagars festivalen på Stord, og vart også hyra inn til å spele under "Festspillene i Bergen" i 2016. Fleire av singlane deira er mykje spelt på NRK og anbefalt på NRK Urørt. I spissen for bandet står Eivind Vilnes frå Askvoll på gitar og vokal, saman med Jarle Haaland, Andreas Naustdal og Mats Halvorsen.

Baia Wolf

Denne nystarta trioen er inspirert av grunge, indierock og punk. Bandet består av Vidar Seljen Melby frå Måløy, Jørgen Haugland frå Svelgen og Thea Steinmo Hernæs frå Oslo. Vidar og Jørgen gjekk på musikklina på Firda VGS, og har skrive låtar og spelt saman sidan 2010. Dei vart då godt kjend med Oslo-trommis, Thea, og Baia Wolf starta for fullt hausten 2016. Baia Wolf har alt spelt på scener som Hulen, Prøverommet, Kvarteret, Monday Night Live og Kronbar i Bergen, samt bransjetreffet Firdablest i regi av BRAK. Til hausten startar dei innspeling av sitt første album.

Ahead Of The Curve

Rockebandet Ahead Of The Curve vart starta i 2013, og er ein hardtsatsande gjeng frå Ålesund. Dei spelar beintøff hardrock med element frå hardcore, klassisk rock og grunge. Dei har vunne ein del bandkonkurransar i heimfylket, og vann mellom anna konkurransen om å spele på Jugendfest i 2014. Dei har opparbeida seg eit heilstøypt bandkonsept som let tøft både på plate og live. Til Jyplingscena kjem dei med tonnevis med spelelyst og tøffe eigenproduserte rockelåtar som vil få i gang rockefoten til publikum.

Tiebreaker

Tiebreaker har hatt det travelt sidan starten, og jobba seg til toppstatus som liveband. Med hundrevis av konsertar sidan 2013 har bandet blitt særs skarpe både på scene og plate. Albumdebuten deira, ”We Come From The Mountains” kom ut i 2014 og gav bandet svært gode kritikkar. Deira nyaste album ”Death Tunes” frå 2016 held like høg kok og foredlar den klassiske rock’n’roll’en dei er blitt kjende for, og sprutar av energi frå tidleg garasjerock.

Stian Sjursen Takle, programleiar for SommarLutt. Foto: Tormod Flatebø
SommarLutt er populert for folk i alle aldrar. Foto: Tormod Flatebø
I 2015, der alle bileta er frå, var arrangementet på Nordfjordeid velsigna med kjempeflott vêr. Over tusen publikummarar møtte fram til konsertane bak Gamlebanken. Foto: Tormod Flatebø
I 2015 var Jørn Kvalheim, finalist i Idol, eitt av dei store namna som var på SommarLuttscena. Foto: Tormod Flatebø
Også Aleksander Raftevoll var på SommarLuttscena i 2015. I 2016 var han ein av artistane på Malakoff Rockfestival. Foto: Tormod Flatebø