–Mannskoret gjorde suksess med si framsyning, men for programkomiteen ser det ut som om 50 prosent av programmet er «stole» frå oss. Vi er glade på mannskoret sine vegne med deira suksess, men vi ser at dei karane kom ikkje på alle dei ideane av seg sjølve. Vi trur det har vore hakkarar inn i systema våre. Eller det kan ha vore meir tradisjonell gamaldags spionasje. Vi har sett merkelege lys rundt Vårtun når vi har hatt planleggingsmøta våre der. Det har og dukka opp andre merkelege møter i Vårtun utan at vi har blitt  varsla. Vi såg oss nøydde til å gå i skjul no på dei siste møta for å sikre oss at vi fekk arbeide fram eit program som skal overraske publikum litt, seier Alf Reidar Myrstad  som legg til at program-komiteen er ein solid gjeng som stadig kjem med nye idear.

Tradisjonen tru blir det påskefest i Vårtun onsdag 12.april. Det blir matservering og dans til Cool Valley All Star Band.