Dirigent Kari Standal Pavelich er ikkje i tvil om at dette er det beste Eid musikklag har spelt.

– Det var utruleg kjekt, vi fekk fart på tempoet, og tok ut det beste vi hadde. Frå min ståstad så var det flott samspel, og ein fin energi i korpset. Det var alt i alt ei veldig god oppleving. Vi gjorde det beste vi kunne, seier ho.

Gloppen musikklag var med i salen då dei spelte og heia, noko eidarane sette stor pris på.

– Gloppen skal spele no kvart over eitt, og då skal vi sjølvsagt inn og heie på dei, seier Kari.

I kveld vert det avgjort, og premieutdeling under festmiddagen.

– Eg er veldig stolt og nøgd, og koste meg, legg Kari til.

Tok nattbussen heim

Ordførar Alfred Bjørlo var også med og spelte, men sette seg på nattbussen tilbake til Eid, for å vere med på opninga av Hogatunet omsorgssenter.

– Vi synst sjølve det gjekk veldig bra. Vi var samde etterpå om at vi spelte opp mot vårt beste, og hadde det veldig kjekt på scena, seier Bjørlo.

Dei tre nummera som vart framført var Lokkeslåtten av Jan Magne Førde (bror til Eli Førde Aarskog). Marcia av Dag Wirén og A Gerswhin Portrait med musikk av George Gershwin arrangert for korps av John Higgins.

Dommarresultata blir offentleggjorde i kveld.