Onsdag ettermiddag slapp Malakoff Rockfestival nyheita om at sjølvaste Ane Brun tek turen til Nordfjordeid.

– Vi er veldig nøgd med å få ei av dei mest anerkjente og flinke musikarane vi har her i landet til Malakoff. Ho har med seg eit tøft band, og er ei svært talentfull og flink dame. Musikken hennar passar fint inn i Malakoffprofilen, og går inn i heilheiten. Samstundes er dette ei dame som fleire i den litt eldre generasjonen har høyrt om. Vi prøver å finne artistar som kan appellere til alle, og litt av poenget er at ein kan oppdage ny musikk, seier festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.

Sjølv såg Arnt Ivar Naustdal Ane Brun på Øyafestivalen i fjor, og vart veldig imponert.

– Ho har eit veldig fint up-tempo uttrykk, og ein fin groove i musikken, som eg gler meg veldig til å høyre igjen, seier Naustdal.

Ane Kvien Brunvoll (født 10. mars 1976 i Molde) er ein norsk songarinne og låtskrivar, oppvaksen på Harøya i Møre og Romsdal.

Ane Brun til Malakoff Rockfestival 2017. Foto: Pressebilde