Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid arrangerer for første gong rideleir for born i vinterferien.

–Vi har tidlegare hatt rideleir om sommaren, men aldri noko tilsvarande i vinterferien. At det er populært viser deltaking vi har, seier Malin Liland som har ansvaret for hestar og born i ridehallen på fjordhestsenteret.

Bra deltaking

–Måndag hadde vi 14 born i alderen ni til 13 år her. I dag er det elleve påmelde og i morgon, onsdag, er det 13 som har meldt seg på, seier Malin som sjølv driv konkurransekøyring og riding med fjordhest.

–Er det berre å ri borna lærer på leiren dei no deltek?

–Nei det er det ikkje. Dei som ikkje har vore på hesteryggen før lærer å ri. I tillegg får dei med seg alt som har med hestestell å gjere, seier Malin som legg til at dei aller fleste som deltek på rideleiren har eit forhold til hest frå før av. Anten gjennom foreldre eller andre som har hest.

Frå Sulavågen

Alv Hellebust, opphavleg frå Åheim no busett i Sulavågen utanfor Ålesund, har tatt med seg tre born, ein gut og to jenter til Norsk Fjordhestsenter.

–Dette er for meg litt tilbake til barndomen. Som tolvåring var eg på rideleir på Nordfjordeid med Anders Lefdal. Det var ein så flott opplevelse at eg tenkte at det skulle også mine barn få oppleve. Skal vi redde fjordhesten er det viktig at vi får ungdomen med, sa Alv då Fjordabladet besøkte rideleiren tysdag føremiddag.

Meir om denne saka i avisa tysdag.

Alv Hellebust tok like godt med seg borna på rideleir i vinterferien. Som tolvåring var eg på rideleir med Anders Lefdal. Det tykte eg var så kjekt at ville at også mine barn skulle få opplevbe noko liknande, seier Alv. Fråp venstre: Iver, Alv, Pia og Josefa. Foto: Tormod Flatebø
Det var både store og litt mindre hestar borna på rideleiren fekk prøve å ri på. Foto: Tormod Flatebø
Stort sett gjekk i roleg tempo. Foto: Tormod Flatebø