Når alt som kan gå gale, går endå verre! Slik kan ein kort skildre komedien som Riksteatret gjer stor suksess med akkurat no.

Alt går gale

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal setje opp si første store framsyning, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatte! Ja, hvis du trudde at du visste kor mykje som kan gå gale på teater, må du no tru om igjen!

Hyler og jublar

Publikum ler så dei hyler og kritikarane jublar for stykket som har originaltittelen «The Play That Goes Wrong». Det går på fjerde året i London og vart kåra til årets beste komedie i 2015. «Jeg har sjelden, om noensinne, hørt høyere eller mer sammenhengende latterkuler i et teater», skreiv pressa etter premieren.

Topplag

«Kollaps i kulissene» er blitt omtala som ei krysning av Hotell i særklasse og Mr. Bean - ei frydefull latterbombe som appellerer til publikum i alle aldrar. På scena står eit topplag av norske komedieskodespelarar, som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum har omsett stykket til norsk, og regien er ved Kim Haugen.

Fulle hus

Tysdag 21. februar kan publikum oppleve komedien i Operahuset Nordfjord. Riksteatret er på turné til 50 stader over heile landet, og til no har det vore så å seie fulle hus over alt. Billettsalet på Nordfjordeid går også svært godt, men salen er stor, så det er framleis råd å sikre seg plass til «Kollaps i kulissane».