Dermed er Biffy Clyro(Uk), Karpe Diem, Turboneger, Frank Carter &TR(Uk), Dubioza kolektive(Bh), Janove, Spidergawd, Kjartan Lauritzen og Dagny klare for sommarens vakraste vestlandsrockeeventyr når 9 av 30 artistar er slept.

–Frank Carter & The Rattlesnakes er ei overdose med rein energi, aggressivitet, musikalitet og kvalitetspunkrock med den tidlegare Gallows- og Pure Love-forsangeren i front.

Etter ein liten periode vekke frå det største rampelyset er Carter tilbake, sterkare enn nokon sinne, med sin personlege musikalske vendetta. Bandet er superaktuelle med det nye albumet Modern Ruin, som framkallar euforiske rockekjensler i Malakoffleiren. Vi meiner faktisk at Frank Carter og Co leverer den beste punkrocken frå øyriket akkurat no, seier Arnt-Ivar Naustdal som ber publikum til å gjere seg klare til ei intens live-oppleving med eit steinbra band og ein energisk vokalist som spelar kvar konsert som om det var deira siste.