Jæger gjorde det klart at han no opnar den gamle, freda sorenskrivargarden for at han skal bli brukt av folket. Kunst, kultur, utleige til arrangement og overnatting i samband med det er forretningskonseptet til selskapet Antikvarisk Eigedom Eid AS.

– Ingen ting er hyggjelegare enn om denne staden blir brukt. No har vi passert 100 gjester her. Eg har hatt galleri i ti år og har aldri opplevd liknande interesse for ei utstilling. Eg har opplevd ei rausheit som har vore fenomenal frå både lokalbefolkning og kommune, uttalte Jæger då han opne utstillinga.

– Uhelbredeleg

Han omtaler seg sjølv som ein uhelbredeleg romantikar når det gjeld gamle bygningar. Leikvin er likevel det første freda bygget han har kjøpt.

Det 226 år gamle sorenskrivarhuset på Løken er ein enorm trebygning som familien Rotevatn i si tid redda frå forfall og som dei har teke vare på gjennom to generasjonar.

– Eg vil takke familien Rotevatn som har teke vare på dette.

Jæger kjøpte eigedomen for tre millionar kroner og har nytta det siste året til oppussing til ein kostnad på kring fem millionar. Han trur han skal få økonomi i drifta.

Advokat og BMW

Det er ikkje for kven som helst å bla opp slike summar. Advokaten og forretningsmannen frå Bergen vart omtalt som «rett mann» i samband med opninga. Leikvin-eigaren er involvert i Jæger-systemet som driv bilhandel i Bergen. Han fortel til Fjordabladet at han er styreleiar og har aksjemajoriteten saman med broren i selskapet som forhandlar BMW i vestlandshovudstaden.

– Eg er misunneleg på dykk som bur så nær denne fantastiske staden. Sjølv bur eg fire og ein halv time unna. Men eg har vore her 15 gongar allereie, og kjem til å vere her ofte.

Blir kunstnarbustad

Utstillarane på salsutstillinga er Atle Skudal frå Karmøy, Frøydis Aarseth frå Vevring i Sunnfjord og Ragnhild Næss frå Bergen. Alle dei tre er inspirert av sin tidlegare læremeister Odd Nerdrum.

Jæger fortel at det i løpet av kort tid vil kome kunstnarar for å bu på Leikvin ein månad. Der skal dei utvikle kunst inspirert av miljøet, og denne blir så til sals for interesserte.

– Utfyller Gamlebanken

Arve Espe er tilsett som husvert i 10-50 prosent stilling. Han fryktar ikkje at Leikvin skal ta livsgrunnlaget frå Gamlebanken der han er styreleiar, primus motor og legg ned ein avgjerande dugnadsinnsats.

– Eg har sagt til Leif at Gamlebanken er hjartebarnet mitt. Han har eit heilt anna kontaktnett mot profesjonelle, profilerte kunstnarar enn det vi har. Vårt kontaktnett spenner frå amatørar til profesjonelle. Livsgrunnlaget til Gamlebanken ligg i hovudsak i utleige, slik som til turistinformasjon. Vi utfyller kvarandre. Det er plass til begge.

Espe fortel at kontakten oppstod tilfeldig.

– Det var på juleutstillinga i Gamlebanken. Eg tente på ideen. For dette huset er herskapeleg, rett og slett!

STRØYMDE TIL: Over 100 menneske nytta laurdagen til besøk på Leikvin. Husvert Arve Espe og eigar Lars Kahrs Jæger tok imot kvar enkelt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
NERDRUM-ELEVAR: Bileta ”Med solhatt”, ”Pause” og ”Stilleben i brunt” av Ragnhild Næss er døme på kunst som er til sals på Leikvin. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
KLASSISK MUSIKK: Odd Paul Standal Pavelich spelte verk av Joplin og Grieg i samband med opninga. Leikvin ligg like i nabolaget til Pavelich-familien.
27.000: Måleriet ”Kvinnerygg” av Frøydis Aarseth kan bli ditt om du er villig til å betale. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
HERSKAPELEG: Den nye eigaren har brukt kring fem millionar kroner på oppussing av det freda huset. Mange ynskte å sjå korleis det er blitt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
UNIKT: Det finst ikkje mange bygningar i Eid med veggmaleri slik som i dette rommet. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
FREDA: Leikvin slik det framstår i dag. Å halde det freda huset i hevd medfører ein stor kostnad. Lars Kahrs Jæger blir omtalt som rett mann på rett plass. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
FANN SKATT: Mange kunst-, kultur- og historieinteresserte hadde funne vegen til Leikvin laurdag. Lars Lunde hadde blikket vendt i litt andre retningar enn folk flest, og fann dette gamle albumet . Foto: Jørn-Arne Tomasgard