Krigskommisær Myklebust kallar inn til audition i Valhall laurdag 11. februar og seier han vil gjerne ha med endå fleire gutar i spelet!

Elskhug & Eksis er eit historisk familiespel skrive av Tor Karseth. Handlinga er lagt til 17. mai 1895. Dette var ei tid då det skjedde mykje i Noreg, og mykje lokalt knytt til eksersisplassen. Historia er folkeleg musikal, sett med den tida sitt ungdomsperspektiv. Unionen med Sverige og tida fram mot frigjeringa i 1905 er ein raud tråd gjennom heile stykket.

Elskhug & Eksis er kanskje landets største utandørs barne- og ungdomsspel med meir enn 100 aktørar, og i 2015 var det ny publikumsrekord. Elskhug & Eksis vert spelt på den historiske eksersisplassen på Nordfjordeid som vart etablert i 1649, og som er Norges første militære øvingsplass.

I år vert Elskhug og Eksis sett opp jonsokhelga fredag 23. juni, laurdag 24. juni og søndag 25. juni.

Krigskommisær Myklebust lovar at det vert ekte giftarmål i spelet også i år – og det vert ei lystig overrasking!

Born og unge som vil vere med på audition til Elskhug & Eksis kan melde seg på innan onsdag 8. februar på: post@elskhug.no