Hekla Stålstrenga er rett og slett musikken frå nord. Bandet er heilnordnorsk og opptatt av å ivareta dei nordnorske songtradisjonane og skattane, så vel som å skape ny musikk til gamle tekstar.

Spellemann-nominerte

Bandet er eit resultat av samarbeidet mellom felespelar Ragnhild Furebotten og gitarist Tore Bruvoll, som saman gav ut albumet «Hekla Stålstrenga» i 2008. Det vart nominert til Spellemann, til liks med dei neste albuma i 2011 og 2013. Også det rykande ferske albumet «Ventetid» er nominert til Spellemann, utdelinga der skjer to dagar etter konserten på Nordfjordeid.

Profesjonelle folk

Hekla Stålstrenga er Ragnhild Furebotten (fele), Tore Bruvoll (gitarar), Anne Nymo Trulsen (song og trøorgel), Trond-Viggo Solås (bass) og Ole-Jakob Larsen (trommer). Alle fem bandmedlemmene og profesjonelle musikarar som nyt stor respekt nasjonalt og internasjonalt i sin sjanger.

Radiohitar

I ti år har Hekla Stålstrenga sakte, men sikkert bygt seg opp til å bli eit nasjonalt fenomen. Med låtar som «Har du fyr», «Folketonen» og «Vise ved vintersolkverv» har dei funne sin plass øvst på spelelistene i norsk radio.

Bubilturné

I 2012 erobra bandet Nord-Norge på sin turné i bubil, med 28 konsertar på 25 dagar. Turneen vart også til dokumentarprogrammet «Reinhekla magi» på NRK1.

No er dei på vegen igjen, med nye konsertar, ny musikk og nye ord. Alt frå nord, men utan bubil. Torsdag 26. januar kan Hekla Stålstrenga opplevast i Operahuset Nordfjord.