Trykk pil til høgre for å sjå fleire bilde.

Då kassene med julepynt som arrangøren hadde sett fram før jul ikkje var der dei skulle, vart ikkje juletreet pynta til juletrefesten i Valhall.

– Det vart litt julekaos, seier Magni Hjertenes Flyum.

Men dei løyste floka med litt julemagi, og etter ei lita stund dukka det opp nye julekuler som ungane sjølv kunne henge på treet.

– Vi gjorde det beste ut av det, seier ho.

God julestemning

Kvart år arrangerer Nordfjordeid skulekorps juletrefest i Valhall, og i år var Eid barnekor med og drilljentene. Mange var komme for å høyre på skulekorpset, barnekoret og for å sjå på drilljentene. Med åresal, kaffi og heimebakte kaker vart det god julestemning.

Eid barnekor song vakkert. Aspirantane spelte flotte nummer, og Nordfjordeid skulekorps lét seg villig dirigere av vikardirigent Trygve Dyrvik. Og så kom nissen med litt godteri til alle barna.

Les meir i Fjordabladet fredag.