Med eit større og meir innhaldsrikt program enn nokon gong.  Gloppen Hotell er hovudarena for festivalen, men det blir og konsertar i Trivselshagen, Aulaen og på Lauget kaffi og kultur.

Danielle Nicole Band frå USA er årets hovudartist på laurdag.

Danielle kjem frå ein musikalsk famile i Kansas City.  I mange år har ho vore frontfigur og bassist i bandet Trampled Under Foot saman med sine 2 brødre.  No kjem ho til Norge og FjordBlues for fyrste gong med sitt eige band.  Musikken hennar er fylt med heftig blues , soul og funky låtar med sterk inspirasjon frå New Orleans.  Danielle har ei fantastisk stemmeprakt og utstråling på scena.

- Vi hadde booka Danielle Nicole i fjor, men då måtte ho dessverre melde avbod, seier festivalsjef Hans Andenæs.  - Så vi ser fram til å endeleg å kunne få høyre og sjå ho på Sandane.

I tilegg fortel han at dei har arbeidd i fleire år for å få det Canadiske bandet  No Sinner til Sandane.  Dette er eit nytt band for det norske publikum.  Dei slo skikkeleg igjennom på det amerikanske continentet for eit par år sidan med låten Boo Hoo Hoo.  Bladet Bluesnews hadde ein stor reportasje om frontfigur Colleen Rennison og bandet tidleg i sommar, der dei beskrivast som eit av verdens mest spennande nye bluesrockeband.  Colleen er i heimlandet enno mest kjend som skodespelar.  Ho har vore i seriar og filmar, saman med størrelsar som Bruce Willis og Michelle Pfeiffer.  Men no satsar ho på musikken og den tre veker lange europaturneen  har same namnet som siste plata - Old Habits Die Hard.

- Vi er litt stolte av å ha fått No Sinner til Sandane, seier Andenæs, - det er einaste speleplassen i Skandinavia.  Og på turnelista finn vi berre store Europeiske byar, - pluss Sandane.

Doug Seegers var for til eit par år sidan uteliggar og gatesangar i Nashville.  Etter å ha blitt oppdaga av eit svensk TV-team har verda blidd snudd opp ned.  Han har spelt inn melodiar med store stjerner som Buddy Miller og Emmylou Harris.  Og turnerer både i USA og andre stader i verda.  Han kjem til FjordBlues på fredag kveld.

Med endå eit band frå Canada og eit frå Italia har FjordBlues i år i alt 5 store internasjonale namn på plakaten.   Pluss at Colleen Rennison skal ha ein akustisk solokonsert på laurdag ettermiddag.

Blant dei norske banda er både årets Noregsmeister og Europameister innan bluessjangeren.    Bandet SILO frå Bremanger vant Union Bluescup på Notodden, og Eric Slim Zahl vant European Blues Challenge i Italia i år.

Totalt er det 10 band som til saman skal ha 15 konsertar i løpet av desse tre dagane i helga.  Dette er det største og mest varierte programmet nokon gong.

Eric "Slim" Zahl and the South West Swingers vant European Blues Challenge i Italia i år. Årets europameistrar skal ha opptre både på skulekonsert og på Gloppen Hotell fredag kveld. Foto: Pressefoto
SILO frå Bremanger og Firda vidaregåande skule er Fjæra Bluesklubb sitt eige ungdomsband. Dei vant Union Blues Cup på Notodden i år, og er dermed noregsmeistrar i blues. Laurdag står dei på programmet til FjordBlues.