Blest skal på rundtur i fylket og vil gjennom dagane ha kurs, workshops, sosialt samvær og konsertar i Sogndal, Florø og på Sandane. Artistlista er klar og det er mange flotte artistar frå fylket på plakaten.

Nye og etablerte artistar

På Blest skal både nye og etablerte artistar få vise seg fram for andre artistar, arrangørar, bransjefolk og publikum. Det skal være tre artistar på kvar scene, i tillegg til unge talent som skal få vise seg fram i starten på konserten. Seks av artistane er plukka ut av ein jury beståande av Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef på Malakoff, Line Dybedal Vederhus, artist og Ingebrigt Ryland Røyrane, dagleg leiar Vibbefanger. Det har vore stor breidde i dei innsendte bidraga og ein bra bunke å velje mellom. Dei har gjennom fleire rundar klart å lande på desse seks artistane som får vise seg fram under Blest 2016: Vanity, Atilla, Øyrehagen, Martine Håland, Indigo Child og Baia Wolf.

To Nordfjordband klar

Til FirdaBlest kjem to av artistane som er plukka ut av juryen. Baia Wolf er ein trio som spelar ein heftig blanding av rock, grunge og indie. Låtane er inspirert av alt i frå tradisjonell folk og blues, til artistar som Deerhoof, Motorpsycho og Jeff Buckley. Baia Wolf består av Vidar Seljen Melby frå Selje og  Jørgen Haugland frå Svelgen i tillegg til Thea Steinmo Hernæs. Det andre bandet som er plukka ut er Indigo Child. Dei kjem frå Nordfjordeid og har bemerka seg siste året gjennom UKM deltakelse der dei gjekk heile vegen frå lokal mønstring til landsfestivalen. I sommar hadde dei opptreden under Malakoff på Sommerlutt scena og er dagsaktuelle med speling under MGP Jr. Finalen i spektrum i starten på november. Indigo Child finn ein i grenseland mellom pop, indie og jazz.

Nasjonal funk artist

Det er også booket ein artist til å avslutte konsertrekka denne kvelden. Til Sandane kjem Tatiana Palanca, best kjent som Miss Tati, ein multikulturell artist innan hiphop, soul, funk og RnB med base i Bergen. Ein etablert artist som opptrer på dei store scenene i Norge og er hyppig spelt på m.a. NRK P3. -Jeg har vært så heldig å få spille på Blest en gang før etter å selv ha meldt meg på, så det å bli spurt om å komme tilbake varmet godt i hjertet. Det er noe eget med energien som skapes på konserter utenfor de store byene. Jeg har vært så heldig å få spille litt rundt i landet de siste årene - og det er alltid på mindre steder folk tar skikkelig av og vet hvordan de skal feste med stil, seier Tatiana Palanca. - Blest er viktig for oss artister og band. De har også nyttige kurs og eksklusive foredag som vi i Bergen ikke engang har tilgang til, avsluttar Palance som også oppfordrer til å delta på den faglige delen av Blest.

Ope for publikum

Konserten startar med to unge talent som får opne konsertkvelden. Desse er plukka ut i samarbeid med m.a. kulturskulane som er på stadane arrangementa finn stad. Deretter går det slag i slag med dei tre artistane som no er lansert. Konsertane er gratis for dei som deltek på møteplassen med kurs og workshops på dagtid, men er også ope for publikum som har muligheit til å kjøpe billett på nett eller i døra.

FirdaBlest – 12.november:

Indigo Child

Indigo Child finn ein i grenseland mellom pop, indie og jazz. Gruppa har base på Nordfjordeid. Dei har spelt i lag ca. 2 år og starta med å skrive og lage eigen musikk vinteren 2016. Dei var med på UKM både i 2015 og 2016. I 2016 kom dei heilt til landsfinalen og er derifrå plukka ut til å vere UKM sitt bidrag/pauseinnslag på MGP jr. finalen i Oslo Spektrum 5.november 2016. INDIGO CHILD er Karl Oskar Nyberg - trommer/drumpad/cello, Johan Espelund - piano/synth, Martha Pavelich synth/gitar/vokal Maren Holmgren - synth/vokal og Sunniva Honningsvåg – vokal

BaiaWolf

Baia Wolf er ein trio som spelar ein heftig blanding av rock, grunge og indie. Låtane er inspirert av alt i frå tradisjonell folk og blues, til artistar som Deerhoof, Motorpsycho og Jeff Buckley. Alle i bandet er studentar ved Griegakademiet og Høgskolen i Bergen. Besetning er Vidar Seljen Melby – gitar/vokal, Jørgen Haugland - bass  og Thea Steinmo Hernæs - trommer.

Miss Tati

Tatiana Palanca, best kjent som Miss Tati, er en multikulturell artist innan hiphop, soul, funk og RnB. Ho er født i Portugal, men har dei seinare åra budd i Bergen. Miss Tati starta sin musikalske karriere som korist for fleire artistar, mellom anna Kakkmaddafakka, Datarock og Superfamily. No er ho etablert som soloartist og  har opprådt som Miss Tati på scener og festivalar både i Norge og internasjonalt, herunder Nattjazz, by:Larm, Bergenfest, Øyafestivalen, Oslo World Music Festival og Sofar Sounds Oslo.

Dette er Brak og Blest

Brak er et kompetansesenter for alle som driv med musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Brak fungerer som ein døropnar, veiledar og bindeledd som løftar alle aktørar innan musikkfeltet til neste nivå.

Blest er Braks viktigaste møteplass for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane gjennom året og samlar både artistar, arrangørar og bransjeaktørar til dagar med seminar, samtalar og kurs. Her får du anledning til å møte ulike aktørar frå regionen og vi inviterar inn kurshaldarar som gjer deg kompetanse på mange områder. Dette er sjette året vi arrangerar Blest. I 2016 arrangerer vi tre Blest på ulike stadar i fylket, Sogndal, Florø og Sandane.