Med seks framsyningar avsluttar Opera Nordfjord i kveld årets hovudproduksjon. Til saman er det 2238 som då har sett Hoffmanns eventyr. Dette er selde billettar inkludert nokre fribillettar.

I fjor var det 2598 selde bilettar, altså ein nedgang på rundt 360 billettar. Operasjef Kari Standal Pavelich skulle ønske at fleire hadde fått med seg årets framsyning.

Kunstnarisk suksess

-Kunstnarisk har dette vore ein suksess. Eg trur nesten aldri at vi har fått så mykje gode tilbakemeldingar. Det har vore begeistring og skryt frå alle hold, seier operasjefen.

Med seks framsyningar var det i år plass til totalt 2928 i kultursalen, altså 690 fleire enn dei som møtte opp.

-Vi har brukt mykje arbeid på marknadsføring i år. Både på sosiale media, nettside og filmar. Kvifor ikkje fleire lokale møter opp er vanskeleg å svare på. Vi ser kanskje at det er mange tilreisande som kjem og det er sjølvsagt hyggjeleg. Men eg skulle ønskje at også endå fleire her på Eid fekk oppleve den flotte operaen som vi har sett opp i år, seier operasjefen som likevel understrekar at dette ikkje er noko krise.

-I fjor fekk vi eit bra overskot som er med på å dekkje eit etterslep som vi har hatt dei siste åra. No må vi berre avpasse produksjonane etter det publikumstalet som vi har. Det betyr at vi må bruke mindre pengar til dømes på kulissar og scenografi, eller på orkesteret. Vi vil halde kvaliteten oppe, men likevel skjere ned der vi kan, seier Standal Pavelich.

Lokalt neste år

I år gjekk Opera Nordfjord ned frå åtte til seks framsyningar. Tidlegare har det også vore ti framsyningar. Men neste år kan det bli ein oppgang igjen til sju eller åtte.

-Neste år blir det litt spesielt. Det er ein lokal opera som tek utgangspunkti lokal historie. Vi trur at mange som hugsar sildeeventyret, og andre, vil møte opp for å sjå. Dessutan blir det mange lokale på scena, og det vil nok appellere til publikum, seier operasjefen.