− Vi arrangerer Kom deg ut-dagen på Naturmøteplassen i Kjølsdalen saman med Trekløveret 4H, seier Ragna Flatla Haugland, leiar i Barnas Turlag i Eid. Her treffest barnefamiliar til leik og moro, og kan teste aktivitetar, som natursti, papirbåtsegling, snikkering av fuglekassar, fisking og grilling, seier Haugland og ber folk om å hugse fiskestonga, og at ein må vere førebudd på å gå en liten halvtime inn til vatnet.

− Det blir gratis pølser til ungane og premiering av aktivitetane.

Fleire medlemmer

I år har Barnas Turlag i Eid fått fleire nye medlemmer, mykje takka vere den populære Turbotrimmen der medlemmane får kjekke premiar for gjennomføring av turane på klippekortet.

– Søndag satsar vi derfor på ny deltakarrekord på Kom deg ut-dagen også, seier Haugland, og legg til at ein ikkje treng å vere medlem i turlaget for å delta på Kom deg ut-dag eller andre turar i Barnas Turlag sin regi.

– Her er alle velkomne!

10-årsjubileum

Startskotet for Norges største turdag gjekk i september 2006. I september 2016 er det dermed duka for 10-årsjubileum og den 21. utedagen i rekkja.

− Ei gledeleg utvikling som viser at foreiningane sitt langsiktige og gode arbeid for eit tilbod til alle treff, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas. For Midtre Nordfjord Turlag, trekk Katrine Fjellestad Aske særleg fram at den lokale satsinga på Barnas Turlag og det nye familiemedlemsskapet gjer det enklare og meir attraktivt for heile familien å vere med.

#mittlekeland

For å få fleire til å oppdage moglegheitene til enkelt friluftsliv i nærmiljøet, har DNT i sommar lansert naturen som «Verdas Største Leikeland». Det har blitt arrangert både barkebåt- og hyttebyggedag, og nærmare 15.000 har så langt delt flotte tur- og naturbilete  med emneknaggen #mittlekeland.

− Når uteaktivitetane skjer på barna sine premisser, har det oftast fantasi og energi som gir eit eldorado av moglegheiter, seier Katrine som rår folk til å sjekke ut mittlekeland.no for gode idear til enkle aktivitetar med barna.

Test tilbodet du også

− Kom deg ut-dagene er dei største arrangementa vi har. I samarbeid med andre frivillige organisasjonar, bydelar og offentlige aktørar, har vi her ei unik moglegheit til å treffe og inspirere alle, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas. Han oppmodar flest muleg til å ta turen ut i nærleiken av der dei bur. Ikkje berre på denne Kom deg ut-søndagen, men på flest muleg av årets andre dagar.