Her følgjer vi same utviklinga som i Noreg samla. Folkebiblioteka i fylket har dei siste åra drive aktiv formidling mellom anna gjennom lesestimuleringsaksjonar som Sommarles og Ungles. Også fylkesbiblioteket har lagt stor vekt på å leggje til rette for formidling til barn og unge gjennom kurs og fagsamlingar, klassesett-tilbod og lesegledar-ordning.

Ei oversikt over statistikk frå folkebiblioteka i fylket

Satsingane ser ut til å verke positivt, utlånstala tyder på at barn les meir. Sidan 2011 har utlånet av barnebøker vore høgre enn utlånet til vaksne. Medan dei andre tradisjonelle medietypane viser stagnasjon eller nedgang, har utlånet av barnebøker auka også i 2015. I fjor blei det til saman lånt ut 206 338 barnebøker og 156 990 bøker til vaksne i Sogn og Fjordane.

Stadig meir bruk av e-bøker

Etter starten i 2014 har utlånet av e-bøker i Sogn og Fjordane auka jamt og trutt. Alle kommunane i fylket er med på e-bokordninga, og ein har det same tilbodet uansett kvar ein bur i fylket. I 2015 vart det lånt til saman 15 970 e-bøker gjennom folkebiblioteka/fylkesbiblioteket, mot 8 624 i oppstartåret. Auken ser ut til å fortsetje i 2016.

Legg vi e-bokutlånet saman med utlånet av tradisjonelle media som trykte bøker, lydbøker og filmar, ser vi ein liten utlånsauke i fylket i fjor. Ser vi bort frå utlånet av e-bøker, syner utlånsstatistikken ein liten nedgang. Her følgjer vi utviklinga nasjonalt. Biblioteka tilbyr i aukande grad digitale tenester, men ikkje all bruk av desse kjem fram i statistikken.

Saumlaust bibliotektilbod

Får biblioteka spørsmål om ei bok dei ikkje har i eiga samling, låner dei frå andre bibliotek. Etter at vi fekk felles søk i bibliotekkatalogane i Sogn og Fjordane (Samsøk) og ei fylkesdekkande transportordning, er det no lettare å finne fram til og sirkulere bøker mellom kommunane. Då transportordninga vart etablert i 2012, tredobla utlånet til andre bibliotek seg, og auken har halde fram. I 2015 lånte biblioteka i Sogn og Fjordane ut 6176 bøker eller filmar til andre bibliotek, medan dei lånte inn 12 709 einingar frå bibliotek i eller utanfor fylket.

Fleire arrangement i folkebiblioteka

Biblioteklova vart revidert i 2013 og legg no sterk vekt på biblioteket som formidlingsarena og møteplass. Arrangement i biblioteka kan vere så mykje: bokpresentasjonar, utstillingar, forfattarmøte, foredrag,  teaterframsyningar, konsertar,  leksehjelp, slektsforskingskurs, skrivekurs, språkkafé, lesesirklar eller debattmøte.

Talet på arrangement og tal deltakarar på arrangementa har auke monaleg dei siste åra når vi ser på fylket samla. I 2010 vart det gjennomført 193 arrangement med 5323 frammøtte, i 2015 var dette auka til 348 arrangement og 9369 frammøtte (klassebesøk og brukarorienteringar ikkje medrekna). I snitt kunne ein altså i 2015 delta på eitt bibliotekarrangement nesten kvar dag heile året.