Dette seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal etter at årets rockfestival er vel i hamn.

− Kor mange som faktisk var inne på festivalområdet dei to dagane kan eg ikkje uttale meg heilt sikkert om, i og med at vi ikkje har fullstendig oversikt over kor mange born, som har gratis inngang, som var innom. Men ut frå billettsalet kan vi allereie no slå fast at vi kjem til å tangere rekordåret i 2014, seier festivalsjefen når vi ber han om å oppsummere Malakoff 16.

− Elles kan vi seie at besøkstala på fredagen er dei beste vi har hatt, også betre enn i 2014.

Familiefestival

− Kva med laurdagen, vi har vore på alle festivalane frå starten av og vi har ikkje sett meir folk inne så tidleg på laurdagen som i år?

− Tida frå klokka 15 til klokka 20 på laurdagen er det beste vi har hatt nokon gong. Svært mange familiar tok med seg heile flokken og koste seg på festivalområdet. Det er slik vi ønskjer at Malakoff skal vere, enn festival for alle. Vi ønskjer at foreldre kan ta med seg borna og gje dei ei god festivaloppleving. Det er ikkje tilfeldig at artistar som Bendik, Odd Norstoga og Gabrielle var på plakaten i dette tidspunktet. Folk i alle aldrar har eit forhold til Odd Norstoga, litt meir usikre var vi korleis denne delen av publikum ville ta imot Gabrielle. I dag kan vi slå fast at det funka. Poenget er at det handlar om kvalitet. Gabrielle er den fremste artisten innan sin sjanger i Norge, seier festivalsjefen.

Orden og rus

− Fjordabladet har vore i kontakt med politiet som seier at det var meir flatfyll på fredag enn det ein tidlegare har hatt på denne dagen, og vidare at laurdagen var langt rolegare. Kva er din kommentar ?

− Vi har gjort dei same observasjonane. Dei siste åra har vi opplevd at ein del festivalgjester er utålmodige av å kome i gang med festen. Det opplevde vi også i år. Ein del startar nok festen litt tidleg på fredag, og då kan det bli litt hektisk utover dagen. Laurdag har folk roa seg ned litt, og sjølv om det er den lengste dagen, så brukar det å gå veldig bra. Det gjorde det også i år.

− I løpet av helga har politiet meldt at det vil bli laga sak mot 13 mannspersonar, alle i 20- og 30-åra, anten for bruk eller fordi dei har oppbevart narkotika. Kommentar til dette?

− Alternativ rusmiddelbruk er ei utfordring som vi ser overalt i samfunnet. Vi kan ikkje late som om det ikkje er eit problem i samband med festivalen vår. Eit beslag er eitt for mykje. Difor har vi tatt samfunnsansvar og drive førebyggande arbeid innanfor dette området i fleire år. Vi brukar pengar på politi, både uniformert politi og sivilt politi for å få tatt dei som er leverandørar av denne form for rusmiddel. Hadde vi ikkje jobba på denne måten er eg overtydd om at problemet ville vore langt større enn det vi opplever det som, seier Arnt-Ivar som samstundes ønskjer å skryte av og gje ros til festivalpublikummet.

− Festivalpublikummet, og då tenkjer eg spesielt på dei som bur på festivalcampen, er fornuftige ungdomar som er flinke til å rette seg etter dei direktiv som vi sender ut. I tillegg er dei veldig flinke til å ta vare på kvarandre, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Artistane

− Korleis er det med tilbakemeldingane frå artistane?

− Kvart år blir vi smigra av tilbakemeldingane vi får frå artistane. Dei blir møtt av eit profesjonelt opplegg, beståande av ungdom og unge vaksne. Vi har ingen spesielle opplegg som fallskjerhopping. Det vi har er god lokal mat, som vi har fått til gjennom eit samarbeid med restaurantlinja ved Måløy Vidaregåande skule. Vi har dei gamle hus på plassen som vi nyttar. Vi gjer det kanskje annleis enn mange andre festivalar, men vi gjer det på vår måte og det får vi heile tida gode tilbakemeldingar på. For mange av artistane er det også ein sosial happening, der dei roleg kan sitte å prate saman. Det aller viktigaste er likevel at dei som har vore her gjer uttrykk overfor andre artistar at dersom dei skulle få eit tilbod om å opptre på Malakoff, så er det festivalen å reise til. Akkurat det gjer vår bookinga til neste års festival lettare, seier Arnt-Ivar og legg til at dei artistane som er på Malakoff for første gong har store forventningar til festivalen ut frå det dei har blitt fortalt. .

− Etter å ha vore her er dei overbegeistra.

Ikkje A og B-scene

− Er det artistar som er misnøgde med å måtte spele på Amifscena?

− Den diskusjonen er vi ferdig med for lang tid tilbake. Det er ikkje snakk om ei A- og B-scene. Det er slik at nokre artistar treng stort rom, og andre ikkje. Det er mange store artistar  som har opptredd på Amfiscena, og som er veldig begeistra for den gode kontakten dei får med publikum. Matoma som spelar for 100.000 publikummarar hadde stinn brakke då han spelte frå Amfiscena. Ein del av artistane, som er vande med å opptre på større stader og meir urbane strøk, er kanskje leitt meir skeptiske på korleis dei vil bli mottekne i bygde-Norge. Fleire blei nok overraska over kor klare Malakoff sitt publikum er for musikken deira.

Gjennomføringa

− Ut over det vi har snakka om, korleis vil du oppsummere Malakoff 16?

− Tre ord dekkjer eigentleg det eg er strålande fornøgd med; publikum, artistane og gjennomføringa. Publikum og artistar har vi vore innom. Av nye ting vi har gjort i år er Malakoffwalken, eller catwalken om du vil. Denne gjorde til at publikum fekk meir nærleik til artistane. I dag er det vanskeleg å sjå at vi kunne gjere det så veldig mykje betre. Eg er også veldig fornøgd med at vi fekk Iggy Pop, den største attlevande artisten innafor sin sjanger, til Malakoff, seier Arnt-Ivar som vedgår at han ei veke før festivalstart var overtydd om at denne gongen ville festivalen få skikkeleg bank av vêrgudane.

− På fredag fekk vi tidenes regnskur under SommarLutt, og nokre små regnbyer i starten. Laurdag var strålande med sol og varme, slik det skal vere under Malakoff. Vi har truleg eitt eller anna på vår side, seier han.

− Korleis har erfaringa med kontantfri festival vore?

− Heilt uproblematisk. Det er kort som gjeld. Kontantar er problemet.

− Ladestasjonane for mobil, fungerte dei bra?

− Veldig bra, og dei er heilt nødvendige i dagens samfunn. Vi skal vere stolte av det vi har fått til, seier han.

Frivillige

− Er det noko som uroar deg når du ser framover?

− Eigentleg ikkje, bortsett frå at eg får eitt snev av prestasjonsangst når eg tenkjer på neste års festival. Det blir ikkje enkelt å leve opp til det vi fekk til i år. Elles skal vi vere klar over at festivalen er heilt avhengig av alle dei som stiller seg til disposisjon. Det kostar masse pengar å arrangere ein festival som dette. Det er dei frivillige, folka i bygdene i Eid, som lagar festivalen til det den er. Alle som har vore med har jobba veldig bra, men det er ikkje sjølvsagt at dei stiller opp i all framtid. Vi skal aldri ta ting for gitt, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Ottar Schanke Eikum er ein viktig sparringspartnar i bookingarbeidet. − Vi er ikkje einige i alt, men det er bra og bryne argumenta til kvarandre for å få eit best muleg resultat, seier Ottar og Arnt-Ivar. Foto: Tormod Flatebø
Før fuglane hadde stått opp søndag morgon var frivillige i full gang med oppryddinga etter Malakoff 16. Foto: Tormod Flatebø
Det var knapt ikkje ein einaste bonde og traktor i bygda som ikkje var med på oppryddingsarbeidet. Imponerande! Foto: Tormod Flatebø
Så er det berre inn- og utgangsporten står att ved Valhall. Foto: Tormod Flatebø
Fredag og laurdag var det eit yrande liv her. Litt vedmodig å tenkje på at det er eitt år til neste gong. Foto: Tormod Flatebø
Fram til kolkka fem natt til søndag var 25 mann i arbeid med den store scena som får Bergen som neste stopp. Foto: Tormod Flatebø
Festivalcampen i Hotellhagen var rydda tidleg søndag. Vanskleg å tru at her har det vore stinn brakke i helga. Foto: Tormod Flatebø