Artisten heldt eit forrykande show for dei rekordstore folkemengda som var på festivalen laurdag, og såg ut til å storkose seg. Den amerikanske punkstjerna har ei legendarisk karriere bak seg heilt sidan 60-talet, og viste seg som eit musikalsk fyrverkeri under heile konserten.

− Å oppleve ei så stor stjerne på Malakoff-scena er ein stor draum som går i oppfylling, seier festivalsjefen i pressemeldinga.

Heile laurdagen var ein musikalsk fest med Odd Nordstoga og Gabrielle som dei store

publikumsdragarane før Iggy fylte området til randen. Då Odd Nordstoga spelte laurdag ettermiddag vart festivalområdet fullt av barn, ungdom om vaksne i alle aldrar som koste seg i lag på konsert, song og dansa.

− Det er viktig for oss å skape gode konsertopplevingar for alle. Det skal vere kjekt å oppleve konsertane på Malakoff. Når vi ser korleis publikum kosa seg veit vi at vi har lukkast, seier festivalsjefen, som er i full gang med planlegging av nye rockeopplevingar for publikum i 2017.

Iggy Pop tok like godt turen ned i fotoområdet for å møte sitt lidenskaplege publikum. Foto: Tormod Flatebø
Iggy Pop sitt publikum. Foto: Tormod Flatebø