Utan at vi kan uttale som med 100 prosent sikkerheit, har det truleg aldri vore så mykje folk tilstades så tidleg under tidlegare festivalar, som det det var i dag. Dagen starta med Alex Grey på Amfiscena. Aleksander Raftevoll og bandet innfridde forventningane.

Først ut på den store festivalscena kom bandet Bendik, med Silje Halstensen i spissen. Silje, eller Bendik om du vil, presenterte ein konsert som står til seks på terningen. Sårt, sint og rått, er det vi kan bruke av ord om det den vesle store artisten Silje Halstensen. Vi har ennon gåsehud etter den kort timen med henne.

Tiebreaker var neste band ut på Amifiscena. For alle som er glad i den klassiske insrtrumentering med tre gitarar, trommer og vokal og ekte rock'n roll, var dette midt i blinken.

Fjerde artist med band ut var var vår alles kjære Odd Norstoga. Odd Nordstoga er ein av våre mest folkekjære artistar, og det var tydleg også på den enorme folkemengda som hadde tatt plass framfor festivalscena. På si særprega dialekt presenterte Odd Norstoga mange av dei låtane vi kjnner så god. Det er kvalitet i det telemarkingen presenterer.

Bendik. Foto: Tormod Flatebø
Odd Norstoga med band. Foto: Tormod Flatebø
Tiebreaker Foto: Tormod Flatebø
Tiebreaker Foto: Tormod Flatebø
TiebreakerTo Foto: Tormod Flatebø
Tiebreaker. Foto: Tormod Flatebø
Odd Norsoga sette folket i festivalstemning. Foto: Tormod Flatebø
Det er kvalitet i det Odd Norstoga gjer. Foto: Tormod Flatebø
Odd Norstoga Foto: Tormod Flatebø
Alex Grey, med Aleksander Raftevoll opna konsertprogrammet på andre dag av Malakoff 16. Foto: Tormod Flatebø
Aleksander Rafevoll. Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø
Silje Halstensen Foto: Tormod Flatebø
Silje Halstensen Foto: Tormd Flatebø