I tillegg til at det er rockfestival på Nordfjordeid, er det også Sommarshopping med ein masse aktivitetar i sentrum.

Etter ein kjempekonsert Gymmen på torsdag kveld dukka og The Dogs opp med ein spontan konsert i «Klemmekroken» i Eidsgata. Bandet med Kristopher Schau som vokalist fornekta seg ikkje denne gongen heller. Det vart show i «Klemmekroken».

Medan The Dogs rocka og klemte var små jenter opptatt i rockeringkonkurranse.

Gutta i Klemmekroken ventar på - å bli klemt eller klemme. Foto: Tormod Flatebø
Det bli alltid Show når desse karane dukkar opp. Foto: Tormod Flatebø
Medan dei vaksne konsentrerte seg om musikken til The Dogs, var desse jentene mest opptatt av rokkeringane. Foto: Tormod Flatebø