Henning Sætre frå Syvde var nummer to i køen då Malakoff Rockfestival opna slusene.

− Vi var på plass klokka halv tre natt til fredag, seier Henning som var på Malakoff siste gong for seks år sidan.

Viktige timar

− Det er to tre viktige timar som står framføre oss no. Det er no vi skal  plassere folk på dei avmerka teltplassane. I utgangspunktet hadde vi 900 teltplassar på festivalcampen. Desse vart utselt rimeleg raskt, så vi har no utvida med 100 plassar til. Når desse er fylt opp vil vi ta ein gjennomgang og sjå om vi kan plassere feire. For oss er det viktig at dei som har behov for ein teltplass for det, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal som elles melder at alt er på plass, men at dei denne gongen har ein av dei mest krevjande artistlogistikken nokon gong.

Krevjande

− Kvifor er artistlogistikken meir krevjande i år enn tidlegare år?

− det har samanheng med at vi har mange store band med store reisefølgje. Dei som jobbar med dette jobbar hardt og har ein krevjande jobb, seier Arnt-Ivar som legg til at publikum har mykje bra å sjå fram til på dei to festivaldagane.

− Det er farleg å seie det, men eg meiner vi har ein av dei to tre beste lineupane nokon gong. interessa frå publikum viser at vi lagar noko som folk vil ha. Det er ei god kjensle, seier  festivalsjefen.