Etter at ulike band hadde varma opp festivalpublikummet på Sommarlutt var det klart for kjende og mindre kjende grupper på den store festivalscena, og den intime Amfiscena i verdas vakraste festivalområde.

Drivande bergensk rock

Hjerteslag var første band ut. Bergensbandet presenterte rock på norsk ukomplisert og samstundes som tekstane var brutalt ærlige tekstar.  Publikum var kanskje litt lunkne i starten, men bandet frå Vestlandet sin hovudstad  fekk temperaturen opp mange hakk etter som konserten driv fram.

Baskery

Det svenske jentebandet, som består av systrene Greta, Stella og Sunniva Bondesson, hadde sikkert for mange ei original instrumental samansetning, med ein banjo, ein gitar trampande trommer og kontrabass. Vi skal ikkje underslå at det var godt for øyrene å høyre bandet. Flinke instrumentalt og finstemd damevokal på røffe og uhøvla metalliske tonar. Det var rett og slett melodiøst og harmonisk, så vel som raskt og kjempetøft.

Kakkamaddafakka

I mellom Baskery og dei joviale og sjarmerande karane i Kakkmaddafakka, hadde Vintage Trouble eit forrykande show (sjå eiga sak). Kakkamaddafakka viste seg som eit drivande godt liveband. Kvifor bandet frå Bergen er blitt store stjerner i nokre land i Europa, viste dei til fulle på Amfiscena fredag.

Baskery var eit flott musiklask bekentskap. Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø