Vintage Trouble  var tilbake på Malakoff Rockfestival. I 2014 vart bandet frå Los Angeles den store snakkisen etter at festivalen var over. Alle fekk ikkje bandet med seg den gongen, men det gjorde dei til gangs denne gongen. Med eit forrykande sceneshow sette bandet publikum i ei feststemning som ikkje er kvardagskost. Vokalist Ty Tailor er eit funn for ei kvar gruppe. Han overraska i 2014, endå meir spektakulært var det denne gongen.

Smittande energi

Vi trut ikkje det er noko som kan samanliknast med energien til bandet frå California, som har turnert med bautaer som The Rolling Stones, The Who og AC/DC. Festivalleiinga har verkeleg gjort ein fantastisk jobb som har fått denne engergibomba tilbake til Nordfjordeid

Ærleg

Bandet spelar ei rå og usminka blanding av rock, soul og R&B. Tekstane har meining og ein bodskap. For å seie det veldig enkelt. Berre den timelange konserten med Vintage Trouble var verd billettprisen ganga med to.

Kven som skal overgå dette musikalske fyrverkeriet i løpet av festivalen ventar vi i spenning på. Om det er mogleg veit ikkje vi, men Malakoff er full av overraskingar, så kanskje......

Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø
Ty Tailor, vakalist i Vintage Trouble, hadde ein bodskap til Malakoff-publikummet. - Det er ikkje greitt med all ufred og urettvise som vi opplever, var bodskapen. Foto: Tormod Flatebø
Foto: Tormod Flatebø
Publikum løfta Ty Tailor tilbake på scena. Foto: Tormod Flatebø
Det var stinn brakke då Vintage Trouble inntok Malkoff Rockfestival si store scene. Foto: Tormod Flatebø