Ferdig merka har Sagaløypa sju stoppunkt, og går frå planlagde Sagastad ved Eidsfjorden, via Eid kyrkje, gjennom Eidsgata og Tverrgata, forbi gravhaugane på Myklebust og gardstuna på Myklebust og endar opp på toppen av Lunden. Høgdedraget som kan ha vore ein heilag lund i nærleiken av den gamle storgarden på Myklebust.

− Den historia vi opnar for i dag er kanskje ein av landets best bevarte løyndomar. Gravhaugane frå viktigtida. Det er mykje historie på Nordfjordeid. Vi har dei nemnde gravhaugane frå vikingtida, Eidsgata og  ein av landets eldste og best bevarte eksersisplassar. I tillegg har vi strandsona, som vi no er i ferd med å ta tilbake gjennom Sagaparken. Eid er ikkje noko museum, men ein stad der vi fører historia vidare, sa Bjørlo under opninga.

− Arbeidet med å realisere Sagaløypa har vore eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune. Det siste året har det vore arbeidd med å etablere ei kulturhistorisk vandreløype i Nordfjordeid sentrum.  Det er den vi er så heldige å få opne i dag, sa Alfred Bjørlo som la til at det er farleg å nemne folk lokalt som har lagt ned mykje arbeid for å få dette til.

− Men eg vil likevel trekkje fram  to personar som har jobba hardt for å få dette til. Eg vil nemne Agnar Kargseth for hans store engasjement for Sagastad og Gerd Fløde Bjørlo som har stått på for å få dette til, sa Bjørlo.

Jakob André Sandal, nestleiar i hovudutvalet for kultur og næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, understreka i si helsing den flott sentrumsutviklinga ein har fått til i Eid og koplinga mot fjorden.

− Eid skal ha mykje ros for det arbeidet som er lagt ned for å etablere eit sentrum med gode urbane kvalitetar, sa Sandal som også nemnde det Eid har fått til på kulturfronten med Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival.

− Alt det ein har fåt til er med å utvikle Eid og Nordfjord, sa han.

Etter den offisielle opninga var det guida tur gjennom løypa for den store hopen med folk som hadde møtt fram til den offisielle opninga.

Jakob André Sandal, nestleiar i hovudutvalet for kultur og næring i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, var imponert over det ein har fått til i Eid. Foto: Tormod Flatebø
Tilsette i Eid kommune og medlemmer i Eid Sogelag hadde kledd seg i klede frå historisk tid. Foto: Tormod Flatebø
Frå venstre: Kristine Dahl, plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Harald Sivertsen, kommunesjef og fungerande rådmann, Trygve Espe, leiar i Eid Sogelag, og Marta Elvebakke, sekretær i Eid Sogelag. Foto: Tormod Flatebø
Gerd Fløde BJørlo fekk gode ord og blomar frå ordførar Alfred Bjørlo for den jobben ho har lagt ned for å få Sagaløypa realisert. Foto: Tormod Flateb
Den offisielle opninga gjekk før seg i området ved Eid kyrkjetun, der den første av totalt sju informasjonstavler vart avduka av ordføraren i Eid og nestleiaren i hovudutvalet for kultur og næring i fykeskommunen. Foto: Tormod Flatebø