Rundt om i heile verda blir fleire millionar dratt ut i eige nærmiljø med nasa godt planta i mobilskjermen. Grunnen er det nye mobilspelet Pokémon Go. Konseptet er enkelt: GPSen på telefonen sende folk til såkalla pokéstops, som gjerne er plassert ved landemerke, der spelarane bruker kameraet til å fange dei opp og får då pokeballar. Etter at ein har nådd eit visst nivå kan ein også møte andre spelarar og velje team.

Mobilspelet Pokémon Go har eksplodert etter at det vart lansert i starten av juli. Spelet vart først lansert i Australia og New Zealand. USA var kjapt etter. På grunn av massiv belasting på serverane vart lanseringa av spelet på verdsbasis utsett. Det stoppa ikkje folk i å kaste seg på den nye «snakkisen». No er spelet endeleg kome til Noreg også.

Kasta seg påJune Smørdal (14) er ein av mange eidarar som har kasta seg på og lasta ned det nye mobilspelet. Ho var ein av dei som lasta ned spelet ved å bruke australsk App Store før det kom til Noreg. – Det var så populært, så eg måtte berre sjå kva det var og korleis det var, fortel ho og legg til at ho tykkjer spelet er kjempekjekt.

Basert på Pokémon Go er ein vidareutvikling av mediefranchisa Pokémon som vart skapt av Satoshi Tajiri i 1996. Det var opprinneleg lansert som eit videospel til Game Boy, men er no ein av dei mest suksessfulle videospelfranchisa i verda. Pokémon er i dag å finne på videospel, kortspel, TV-program, film og teikneserie. Nettopp dette er grunnen til at spelet har blitt så populært meiner Smørdal. – Pokémon er barndomsminne for mange. Både TV-programmet, spelet og samlekorta var veldig populære då vi var små.

Åtvarar Politiet har i mange land gått ut å åtvara om dei ulike farane ved spelet. Dette er fordi ein gjerne må ut for å spele Pokémon Go. Det som går igjen er at ein må hugse å følgje med på kva som skjer rundt seg og ein må følgje med når ein skal over vegen. Det er Smørdal samd i.

– Det er positivt at ein kjem seg ut, men ein må passe på at ein ikkje blir påkøyrt og sjå seg for.