Namn: Berit Adelsten Engebretsen

Alder: 50

Bustad: Eid

Yrke: Driv Coco

Planar for sommaren?– Det blir jobbsommar på meg i år. Det er den travlaste tida både når det gjeld frisør og kaffebaren. Første veka i august blir det ei veke med ferie. Planen var å vere på Vestlandet, ettersom vi tykkjer det er så fint. Men så har eg ei venninne i Hvaler, så insisterte på at vi skulle kome dit. Som regel så har vi feriert på Vestlandet, ettersom vi er veldig glade i å gå på fjellet og ikkje minst fiske. Og så gler eg meg veldig til Malakoff og rockehår. Det er sjuande året vi held på med det. Det er morosamt, kreativt og det er veldig stas å vere barna sin helt.

Ditt beste sommarminne? – Det var kanskje då eg var liten og vi var fire barn i baksetet. Eg er oppvakse på Austlandet, men far min er frå Vestlandet. Om sommaren reiste vi gjerne til eit område litt utanfor Bergen. Det var ekstra kjekt når alle slektningane kom, og det var mykje liv og røre. Det er sånne sommarminne som nesten har gjort at eg har valt å flytte til Vestlandet.

Ditt beste sommartips? – Det må vere å nyte sommardagen og smil til andre.

Beste sommarmat?– Eg driv å laga ei fiskesuppe med kvit og raud fisk for tida. Den er «spicy» og mykje smak i. Den er min favoritt. Vi driv å fiskar ein del, så vi prøvar å bruke opp det vi får. Det er ikkje så vanskeleg, sidan vi er så glade i fisk.

Beste sommarplagg?– Å lufte tærne i sandalar er det beste eg veit. Gå barbeint for den slags skyld. Det er så herleg å kunne lufte tærne etter ein lang vinter.

Har du ein hobby? – Eg er glad i å stelle i stand gamle ting og møblar. Eg er også glad i å teikne, og plukke blomar.

Favoritt bok? – Gjerne historier frå gamalt av. Det går i eitt, så eg sovnar som regel med boka ved senga. I ferien får eg lest fleire bøker. Eg er glad i å lese for ein skapar sine eigne illusjonar.

Har du eit motto?– Her er det berre å brette opp armane og setje i gong. I staden for å utsetje ting er det berre å setje i gong.

Beskriv deg sjølv med tre ord? – Litt av ei kjærring

Kva er du flink og dårleg til? – Eg er flink til å lage mat, og dårleg til å bremse alle planar eg har. Eg er også dårleg til å ta råd frå andre.

Kva engasjerer deg? – Eg er oppteken av miljøet. Eg er ikkje noko miljøaktivist, men eg prøvar å tenkje på miljøet. I tillegg brenn eg for å få liv i bygdene. Alle kan ikkje bu i byane, nokon må stelle med landskapet.

Kva er det beste med Eid? – Det beste er naturen rundt Eid. Vi finn stor glede i Harpefossen. Om vinteren bruker vi skisenteret mykje, og så har eg funne ut at det er veldig fint å gå tur på fjellet når det ikkje er snø. Det er rein luksus å ha eit sånt skisenter med den utsikta. I tillegg vil eg nemne alle moglegheitene. Eid er ein levande stad og har folk som er flinke å få ting til. Liker satsinga som skjer her. Den er frisk.

Tykkjer du Eid manglar noko? – For vår del så manglar det eigentleg fint lite. Ein får det ein treng. Det hadde vore litt kult å fått in fleire nisjebutikkar og handverkar i gata.

Kva ville du teke med deg til ei aude øy?– Heilt klart mannen min, Inge. Då hadde eg i alle fall overlevd.

Kva hadde du gjort om du vart lottomillionær? – Eg tippar ikkje då. Men det er ikkje heilt utenkeleg at det hadde gått til eit godt formål. Det var ei periode vi hadde lyst å reise til utlandet for å gjere ein innsats. Den tanken dukkar opp inn i mellom.

Har du eit førebilete? – Ja, det er en dame eg har blitt kjend med. Anne Sønderland. Ho er kostymesjef på Opera Nordfjord og en dame med drive.

Kven vil du gje ros til? – Inge. Han er eit ja-menneske, som gjer ein god dugnadsinnsats for bygda. Han klagar aldri, men brettar opp armane og er positiv. Det beundrar eg.

Kven vil du gje blome til? – Eid bondelag.