− Eg trudde det skulle bli kjekt å sitte i leirkomiteen. Det er jo det, men gu’ kor mykje arbeid! Men det må jo til om det skal bli bra, fortel Grete Mundal som er med i leirkomiteen for årets fylkesleir.

Rundballebygda

For over eit år sidan starta arbeidet med å lage til 4H fylkesleir i Fjærland. Brita Supphellen og Grete Mundal vart raskt med i komiteen, saman med andre ungdomar frå 4H-klubbane i Sogndal kommune – og nokre vaksne. No ser dei to jentene fram til å komme i gang med leiren den 30. juni.

− Eg tykkjer det er fint at me får vist fram bygda vår. Deltakarane kan glede seg til å sjå alt Fjærland har å by på, forklarar Brita Supphellen.

− Fjærland er ei sokalla «rundballebygd», og dette viser me godt fram på leiren, fortel Grete Mundal.

Ope for besøkande

Laurdag ettermiddag inviterer leirarrangørane til open leir for alle som vil besøke leiren

på idrettsplassen i Fjærland.

På open leir kan ein mellom anna delta på bokstablingskonkurranse, skothellekasting, eksteriørdømming av kyr og teste krefter og ferdigheiter i Energikampen. I tillegg blir det «bumperballar», der du kler på deg ein stor ball som du kan rulle, dumpe og bumpe med. Det blir sal av mat og kvelden blir avslutta med konsert med rockabilliebandet «Mel Bee & The Gogo Girls».

Tur på fjellet og til breen

Nærmare 300 4H-arar frå 12 år og oppover har meldt seg på årets fylkesleir. I tillegg kjem det meir enn 50 4H-aspirantar for å delta på aspirantleir eine døgnet under den fire dagar lange leiren.

− Vi har mange kjekke aktivitetar, men dei kan glede seg mest til fjellturane. Fjærland har mange flotte fjellturar med god utsikt frå toppen, fortel Brita Supphellen

Turane deltakarane kan velje mellom er langs fjorden frå Mundal til Bremuseet, tur til Mundalsdalen, Nesahaugen eller til Fjærland sitt mest kjende turmål, til Flatbreen 1000 m.o.h. Leiren har også eit rikhaldig utval av aktivitetar å velje mellom, alt frå volleyball, skyting, kajakk og klatring, til leikekurs, dans, musikkverkstad og «Cowboy for ein dag» på Lunde turiststasjon.

- Det sosial er viktigast

Det blir også ulike tevlingar under leiren. Tautrekking og Landkreditt volleyballcup er faste postar på programmet. I Fjærland blir det sjølvsagt også konkurranse i rundballetrilling og rundballedekorering.

Dei to jentene i leirkomiteen ser likevel mest fram til det sosiale.

− Det kjekkaste med leir er jo å møte nye folk, smiler Grete Mundal, til ivrige nikk frå Brita Supphellen:

− Den sosiale delen er den beste. Heilt klart.

Tur til Flatbreen er ein av turane under fylkesleiren til 4H. Foto: Pressefoto
God stemning i sommarsola under fjorårets 4h-leiar i Oppstryn. Foto: Pressefoto