For tolvte gong blir Dragseidspelet sett opp på Dragseidet på Stadlandet no i helga. Premieren er i morgon, og så er det framsyning også på søndag. Under open himmel med utsikt til havet skal vi igjen få sjå korleis det gjekk til då kongen Olav Tryggvason skulle kristne Norge. Turen var komen til dei fire fylka Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumdøla. Der tingmennene hadde fått ordre om å samlast på Dragseidet, for å kvitte seg med sine heidenske gudar og seie ja til kvitekrist. Metodane var nådelause, der det både blei truga med sverd og øks om ikkje folket underkasta seg Olav Tryggvason.

Unge skodespelarar

Kongen Olav Tryggvason blir for femte gong spelt av Paul Jakob Helgesen frå Eid. I år har han også med seg sønene Bjørn Peter og Jakob i spelet. Bjørn Peter er med for tredje gong, medan veslebror Jakob debuterer i spelet dette året. Førre helg var det øving, der dei to var i sving på scena.

–Det er kjekt å vere med. Før skodespelet er vi med og leikar og under spelet skal vi stå saman med pappa mellom anna, fortel Bjørn Peter. Saman med far Paul Jakob er dei no klare for premieren i morgon.

–Dragseidspelet representerer ei spennande historie frå vårt distrikt, seier Paul Jakob som sjølv er oppvaksen på Berstad i Moldefjorden, rett ved innløpet til den planlagde Stad skipstunnel.

–Dette handlar om den tida dei måtte dra båtane over Dragseidet for å unngå det farlege Stadhavet. Tusen år seinare står vi framfor ei løysing på dette problemet når vi etterkvart vil få tunell til skipa. Men på grunn av denne båtdraginga vart også Dragseidet ein naturleg møteplass,til dømes når det skulle skipast til ting, slik som var tilfelle i 997, seier Paul Jakob som første gong var med i spelet i 2006.

–Eg vart kontakta av arrangørane då eg budde i Bergen i den tida. For meg har dette vore ein fin sjanse til å halde kontakt med folk i det området der eg vaks opp. Og no er det ekstra kjekt at også barna mine kan få vere med å få eit innblikk i denne historia. Ein sterk motivajon er også at spelet har utvikla seg frå gong til gong. I dag opplever eg inspirasjon både frå regissør Jeff Pedersen og dei proffe skodespelarane på scena. Saman med mange flinke amatørar utgjer vi ein flott gjeng som gjer kvarandre gode. Og med ein profesjonell regissør får vi også noko å strekkje oss etter. Vi må tenkje over kva som ligg bak replikkane, slik at det blir ei mest mulig truverdig framstilling av denne historia, seier Paul Jakob.

Mikkel Gaup

Dragseidspelet vart første gong vist i 1997, den gongen med amatørskodespelarar i alle rollene. Dei sju første oppsettingane hadde ikkje med profesjonelle på scena. Men i 2006 kom skodespelar Roger Hilleren inn i rolla som Ragnvald frå Ervik. I 2009 vart Mikkel Gaup med i spelet, og har i dag ei viktig rolle som sonen til Ragnvald. Mikkel Gaup er ikkje minst kjend frå den norske Oscar-nominerte filmen «Veiviseren» frå 1987. Han var også med i filmen «Breaking the Waves» av Lars von Trier. I februar 2008 spelte han hovudrolla som Aslak Jacobsen Hætta i Nils Gaup sin film om Kautokeino-opprøret, «Kautokeino 1852». Mange kjenner han også frå TV-serien «Jul i Blåfjell», eller då han hausten 2008 var med i «Skal vi danse» på TV2. I 2011 blei Idun Losnegård med i spelet, i rolla som Sigrid, kona til Ragnvald frå Ervik.

Aktørgruppa i «På Sverdeggja» utgjer i overkant av hundre personar i aldersgruppa 4 til 75 år - i stor grad henta frå lokalmiljøet. Dei sju første oppsettingane av spelet bestod kun av ivrige og dyktige amatørar. I 2006 kom forfattaren av spelet, Rolf Losnegård inn som regissør og intstruktør, og den engelske scenekampinstruktøren Jeff Pedersen vart hyra inn for å utvikle dei dramatiske kampane i spelet. Dette året kom også Roger Hilleren inn som spelet sin første profesjonelle skodespelar, i rolla som Ragnvald frå Ervik.

Ved framsyninga i 2009 dukka Mikkel Gaup opp på rollelista, og fekk i 2011 følgje av Idun Losnegård. Blandinga av amatørar og proffesjonelle er ei suksessoppskrift for Dragseidspelet, som består av eit sterkt sosialt fellesskap.

Forfattar: Rolf LosnegårdKomponist: Per Janke JørgensenRegissør: Jeff Pedersen

Taleroller:

Ragnvald frå Ervik: Roger HillerenSigrid, kona hans: Idun LosnegårdGunnar ”Raud”, son deira: Mikkel GaupGyda, mor til Ragnvald: Randi HoddevikOlav Tryggvason, Noregs konge: Paul Jacob HelgesenSigurd bisp: Per Helge HelgesenKolbjørn Stallar: Ove AarsheimAtle frå Stårheim: Rolf LosnegårdTordis, kona hans: Anne Liv ErvikAstrid, dotter deira: Maria HaalandSvåva, tenestekvinne: Mai-Hilde Eriksen Flåse Storkjeft: Hans Christian HelgesenHarald Sunnmørsherse: Per Kenneth HovdevikEirik Moldagjest, Raumdølaleiaren: Bård FlødeØyvind Syrtonn, leiar Sygnaflokken: Helge BorgundBalg Brimskjegg, Fjalafylket: Alf Teigen

Stadlandet Ungdomslag fekk det kunstnarlege ansvaret med oppsetjinga av spelet ved oppstarten i 1997, og tok etter markeringa over alle rettar og plikter knytta til Dragseidspelet «På Sverdeggja». Organiseringa av spelet vert leia av styret i Stadlandet Ungdomslag.

Margit Fløde : Leiar i Stadlandet Ungdomslag og ProduksjonsansvarlegMusikkansvarleg: Per Janke Jørgensen og Stig Arild ReknsnesArena: Bård Fløde og Alf TeigenKostyme: May Britt ErvikSminke: Eli Thelen SjåstadLogistikk: Ove Aarsheim