GAFFA er eitt av dei største magasina i sitt slag i Norge, og nyleg hadde dei ei avstemming blant lesarane om kva festival som har det beste programmet. Resultatet er oppsiktsvekkande positivt for Malakoff Rockfestival. Heile 27.76 prosent av stemmene er gitt til Malakoff Rockfestival. Nærast følgjer Tons Of Rock (9.26 prosent), Tysnesfest (8.28 prosent), Målrock (5.56 prosent) og Bergenfest (4.27 prosent).

– Dette er sjølvsagt svært gledeleg. Sjølv om resultatet i stor grad er eit resultat av folk sitt engasjement for festivalen, er det nok ein god del som har stemt på oss på grunn av programmet, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival Arnt-Ivar Naustdal.

– Internasjonal legende

I og med at han er booking-ansvarleg for festivalen, bør han ha ekstra stor grunn til å vere fornøgd.

– Vi får veldig mykje skryt for programmet, spesielt frå folk utanfor Eid, som får eit litt anna perspektiv enn oss som har levd med festivalen i mange år. At vi har fått Iggy Pop som headliner i år trur eg har mykje å bety. Han er ei internasjonal legende, og dei har det dessverre blitt færre av den siste tida. At han kjem til vesle Nordfjordeid er berre heilt utruleg, seier Naustdal.

Lesarane av GAFFA har kunne stemt på over 50 festivalar. Alle dei store festivalane i Norge var med i avstemminga.

– GAFFA er ein av dei største når det gjeld digitale musikknyhende i Norge. Derfor blir dette lagt merke til, seier festivalsjefen.

Mange frivillige

GAFFA har hatt fleire avstemmingar tidlegare, og dei skriv sjølv at det er rekordmange som har stemt.

– Eg vil takke alle som har stemt på oss. Vi er ein bygdefestival med utruleg stort engasjement blant folk. Det lovar godt for framtida, seier Naustdal.

Han opplyser at det er svært mange som har meldt seg som frivillige til årets festival.

– Vi har mykje betre oppfylling enn på same tidspunkt i fjor, fortel Naustdal, og legg til at det nye tilbodet om lavvo-camp på Skipenes førebels ikkje har tatt heilt av.

– Det ser ut som dette er noko som mange ikkje har fått med seg. Vi vil gjere ein marknadsframstøyt ganske snart, og så får vi sjå korleis interessa blir. Ein må hugse på at også festivalcampen byrja i det små, så ein skal ikkje vere for snare med å konkludere, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal. Foto: Tormod Flatebø