Nyhende |
|||
|
Av Diego Maradonna 12.06.2009 kl. 14:13
Støttekonsert og CD-aksjon for sjukehusetDen norske kyrkja arrangerer støttekonsert for Nordfjord sjukehus komande tysdag. Til hausten kjem det òg ein CD med musikk frå Nordfjord til støtte for sjukehuset. Av Helga Didrikke Sundal
Heile lista er ikkje klar, men blant aktørane er D-kor, Kjølsdalen skulemusikk, Kari, Agnes og Alexander Pavelich, Benedikte Dæmring, Cecilie Aalberg, Oddhild Nyberg, Asbjørn Eikenæs, On.line, Sofia Berg, Inge Haugen, Anita Grotle frå Bremanger, Arne Sølvberg frå Stryn og Hans-Joakim Schüttke frå Vågsøy. Kantor Ralph Cupper står bak konserten og møtte mykje velvilje då han ringte rundt for å få tak i aktørar. – Det er mange som har lyst til å vere med fordi dei set stor pris på sjukehuset sitt, fortel Cupper. Samstundes er tidspunktet litt ugunstig, sidan det nettopp har vore songarstemne, det er mange skuleavslutningar og øvingane til Elskhug og eksis er i full gang. Likevel blir mange med, og organisten lovar ein god og variert konsert. Andre som jobbar på utradisjonelt vis for å støtte Nordfjord sjukehus, er Ann-Elin Leftwich og Espen Bjørnholt. Dei skal utpå hausten gje ut ein CD med musikk frå heile Nordfjord. Overskotet går uavkorta til sjukehuset. – Vi kunne ha gjeve ut ein dobbel-CD. Alle vi har spurt er positive. Nokre måtte seie nei fordi dei ikkje hadde innspeling av låtar, eller innspelingane er for dårlege, fortel Leftwich. 13 artistar og band er heilt klare, men fleire er villige til å bli med. Alle artistane og banda stiller opp gratis. Likevel blir det ein del utgifter, sidan ein ikkje kjem unna betaling til Tono og andre opphavsrettslege instansar. Leftwich og Bjørnholt håpar difor på støtte frå næringslivet i Nordfjord. Sparebanken Sogn og Fjordane har gjeve startkapital, og om kort tid får fleire større bedrifter eit skriv frå CD-aksjonen. – Ved å støtte eller kjøpe CD-en, gjev ein både pengar, viser at ein støttar sjukehuset og får mykje kul musikk på kjøpet, seier Ann-Elin Leftwich. Det blir både ny og gammal musikk på albumet. Følgjande 13 band og artistar er førebels klare: Tripod, Svelekameratane, The School, DeejayDj, Jucy Jane, Ralph Cupper og Inge Haugen, Maria & Lars, Fabel, Hella G, Ziroki, Jorun Erdal og Jakob Hals, That Special Monkey Hug og Violent Power. Omslaget på CD-en blir laga av Tommy Bredesen og Simon Pavelich. |
|||






