Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 14.08.2012 kl. 11:13
Svært god skyting av unge NordfjordingarSKYTING: Årets store happening for skyttarane er i full gang på Voss. Dei unge skyttarane frå Nordfjord har gjort sine ting svært bra, både på bane og i feltskyting. Best på bane var Johanna Reksten med fullt hus.
Regine Nesheim (t.v), Eidsbygda skyttarlag, og Merete Haugland (t.h), Haugen skyttarlag, delte 13. plassen på finfelten i klassen for eldre rekrutta under landsskyttarstemnet på Voss måndag. Johanna Reksten skaut fullt hus på bane, noko som heldt til ein svært flott 14. plass blant dei 432 skyttarane som deltok i bane Eldre rekrutt (Foto: Magne Nesheim.)
Både rekruttane og skyttarane i klassane eldre rekrutt og junior er ferdige med både bane og finfelten. På hundremetersbanen vart det ein flott niandeplass til Ruben Olai Tytingvåg frå Rand skyttarlag. Ruben Olai presterte 347 poeng på dei 35 skota. Dette helt som sagt til ein niandeplass, to fattige poeng bak vinnaren Lars Ove Dulsvik frå Sogndal.
Bane I klassen eldre rekrutt var det knytt stor spenning til korleis Merete Haugland, Regine Nesheim og Johanna Reksten skulle følgje opp den gode skytinga dei har vist i lokale stemne før Landsskyttarstemnet. Den som verkeleg innfridde forventningane var sistnemnde, Johanna Reksten. Det vart fullt hus, 250 poeng på dei første 25 skota. Med 15 innertreff heldt dette til finaleplass og ein 17. plass blant dei 432 skyttarane. Også dei sist ti siste skota til Johanna sat i tiaren, og Johanna fekk ein kjempeflott 14.plass. Med seg i finalen hadde ho både Regine Nesheim og Merete Haugland. Regine vart nummer 23 i finalen, med 349 poeng. Merete Haugland skaut 347. poeng, som held til 72. plass.
Finfelt Også på finfelten varta dei unge skyttarane frå Nordfjord opp med god skyting. I rekruttklassen vart det finaleplass og til slutt ein 23. plass til Vegard Taklo frå Hundeide skyttarlag. I klassen eldre rekrutt var det Torleif Straume, frå Hyen som fekk den beste plasseringa. Torleif delte sjuandeplassen med fleire andre skyttarar, som hadde 42/11 på dei 42 skota. Regine Nesheim og Merete Haugland delte 13. plassen med bortimot feilfri skyting på dei 12. finaleskota. Karoline Erdal, Førde skyttarlag, skaut seg opp til ein 4. plass i finaleomgangen. 432 skyttarar deltok på finfelten i klassen for eldre rekrutt. 84 fekk plass i finaleomgangen.
I juniorklassen låg Ole Martin Halsteinslid, Haugen skyttarlag, på 79. plass etter dei første tretti skota på finfelten. 28/12 heldt til finaleplass. I finaleomgangen det 12 av 12 mulege treff, og med seks inner vart skaut Ole Martin seg opp heile 49. plassar, til ein 30 plass. I denne klassen var det 343 som deltok, og 84 skyttarar som kom til finalen.
Lagskyting Måndag ettermiddag var det samlagsskyting for junior/rekrutt. Nordfjord, med Johanna Reksten, Regine Nesheim, Ole Martin Halsteinslid og Steinar Aaland på laget skaut 394 poeng, noko som heldt til ein 22. plass. Berre Johanna Reksten skaut fullt hus på laget. Reginer Nesheim fekk 99 poeng, Ole martin Halsteinslid skaut 97 og Steinar Aaland 98. poeng.
Sogn Indre var best av laga frå vårt fylke i samlagsskytinga for junior/rekrutt, med 395 poeng og ein 16. plass.
Resultat frå Landskyttarstemnet
Bane rekrutt: 1. Lars Ove Dulsvik, Sogndal, 349, 9. Ruben Olai Tytingvåg, Rand, 347.
Bane Eldre rekrutt: 1. Miriam Jeanette Bjerklund, Holla, 350, 14. Johanna Reksten, Nordbygda 350, 23. Regine Nesheim, Eidsbygda, 349, 72. Merete Haugland, Haugen, 346.
Desse kom ikkje til finale men oppnådde følgjande resultat på 25 skot: Marie Alme, Rand, 244, Vegard Taklo, Hundeide, 241, Per Inge Straume, Hyen, 237, Jon Henrik Sætre, Hundeide, 234, Nikolai Hunvik, Hundeide, 220, Steffen Sørland,Hundeide, 213, Johan Olav Gangdal, Hundeide, 203 og Kristian Lotsberg, Nordbygda, 202.
Felt Rekrutt: 1. Sivert Sve, Stranda, 42/11, 23. Vegard Taklo, Hundeide, 40/7.
Felt Eldre rekrutt: 4. Karoline Erdal, Førde, 42/12, 7. Torleiv Jr Straume, Hyen, 42/11, 13. Merete Haugland, Haugen, 42/10, 13. Regine Nesheim, Eidsbygda, 42/10.
Felt Junior: 25. Ole Martin Halsteinslid, Haugen, 40/6 |
|||





