Nyhende |
|||
|
Av Wibeke Nord Haugland 17.07.2012 kl. 12:20
Dugnadsveka er i gongFor Eid bondelag varer Malakoff rockfestival ei heil veke. Frå måndag til søndag legg dei ned 650 timar med dugnadsarbeid. Bøndene viser musklar på festivalområdet. Pål Amund Naustdal, Kristen Alsaker og Knut Tore Nes Hjelle er blant dei som køyrer ut mykje utstyr med traktorar og truckar (foto: Wibeke Nord Haugland)
– Grunnen til at bondelaget får så mykje ansvar er fordi bønder får jobben gjort. Vi er her kvar dag og vi gjer oss ikkje før vi er ferdige, fortel Pål Amund Naustdal som starta dugnadsarbeidet til Malakoff rockefestival måndag. Saman med leiar i Eid bondelag, Knut Tore Nes Hjelle og Kristen Alsaker var Naustdal i full gong med å lesse utstyr ned frå trailarar og køyre det på plass måndag. Før scenene blir sett opp er det traktorar og truckar som dominerer i Malakoff. – Vi er her frå start til slutt. Vi har ansvaret for å sette opp hovudscena, lesse av og køyre ting på plass. Vi har nok fått oppgåva litt fordi vi har traktorar til å hjelpe oss med, men det er mykje jobb. I år har vi byrja arbeidet mykje tidlegare enn i fjor, då starta vi ikkje før ut på dagen tysdag, fortel Knut Tore Nes Hjelle. Bondelaget har også ansvaret for å rydde scenene ned att, ein jobb dei heilt på med heilt til natt til måndag i fjor. – Det er tretti menn frå bondelaget som er med, og eg trur vi legg ned kring 650 arbeidstimar til saman gjennom veka. Folk jobbar ikkje like lenge, men dei mest ivrige er her heile tida, seier Hjelle. Honndøler er med Inngjerdinga til området er allereie kome opp og festivalområdet har byrja å ta form. Mykje arbeid skjer allereie første dagen i Malakoff-veka. – Vi startar med å rigge opp scener. I tillegg skal barar og toalett på plass første dagen, og vi håpar å få opp inngangen. Det er veldig mykje arbeid, men det går bra når ein har så mykje flinke folk, seier områdeansvarleg Svein Arne Henjesand som trur han har minst hundre personar med seg til å gjere området klart. Mykje av dugnadsarbeidet blir gjort av lag og organisasjonar. Eid bondelag rigger hovudscene. Symjegruppa skal setje opp amfiscene. Fotballgruppa til Hornindal skal rigge opp diverse ting og rydde. Fotballgruppa til Folkestad skal setje opp gjerder. Alpingruppa skal få barane på plass og ramme inn ølområdet. Det er berre nokre av dei som bidreg. – Det er første gong lag frå Hornindal er med, men eg synest det er viktig at dei får bidra. Lag og organisasjonar får dugnadsinntekter på arbeidet, og når festivalen er blitt så stor er det viktig at det er mange folk som kan dele på all jobben. Dessutan er Malakoff ikkje berre ein «eidasak» lengre. Festivalen er viktig for heile Nordfjord, understrekar Henjesand. – Det hadde aldri blitt festival utan alle dei flinke frivillige. Eg trur folk er stolte over å kunne vere med og bidra. Det må jo vere ein grunn til at folks stiller opp år etter år, påpeikar Henjesand. |
|||





