Nyhende |
|||
|
Av Magnus Aarre 30.06.2012 kl. 19:26
Fann hus i siste litenFamilien Jonsdottir flyttar inn i leilegheit på Eid.
Fjordabladet skreiv på torsdag om familien Jonsdottir som i lengre tid har slite med å finne plass å bu i kommunen. No har lukka snudd. Berre litt over 24 timar før dei måtte ut av huset i Mogrenda, fekk familien tilbod om langtidsleige av ein leilegheit i sentrum. Dei takka ja utan å så mykje som å sjå eit bilete av bustaden. - Vi er alle veldig glade, og no kan vi senke skuldrene. Vi får lov av huseigar å vere her i Mogrenda til måndag, dagen vi skal flytte inn i den nye leilegheita, seier Hjørdis Erla Jonsdottir. - Det er bra at det no vert sett fokus på bustadsituasjonen i kommunen. Eg håpar andre kan nyte like godt av det som eg har gjort, legg ho til. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), lovde på torsdag premie til den/dei som kunne kome med ei stabil bustadløysing til familien. Denne premien skal overrekkast førstkomande måndag. 2
Er helt enig med anonym 12.07.... nå bør ordføreren hjelpe alle med å finne husvære.... likt for alle!!Er glad på familien sin vegne at de fikk et sted å bo. Men når det er sagt... dette burde ikke ordføreren ha gjort. - Av Monica. 13.07 (14:33) 1
Det er flott at denne familien fikk leilighet ! Men når ordføraren leiger gåve til andre så kan skaffe desse leilighet syns eg det er på tippet. Familie på 3 st blei kasta ut av leiligheta, blandt anna eit barn på under 2 år er nå heimlaus pga dette ! Kva vil man gjere videre med denne saka ? Hjelpar man ein familie så må man gjere akkurat det same med andre familiar. Det er ikkje berre ein familie så slit med og busette seg på nordfjoreid. Grunnen til at familien blei kasta ut av leiligheta var netopp fordi at ordføraren lovde gevinst til huseigaren, fordi at ein ny familie skal ha ein plass og bu.
- Av Anonym 12.07 (19:18)
|
|||






Er helt enig med anonym 12.07.... nå bør ordføreren hjelpe alle med å finne husvære.... likt for alle!!