Nyhende |
|
|
Av Magnus Aarre 28.06.2012 kl. 15:20
Her er det minst arbeidsløyseSogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse i Noreg. 1,5 prosent av arbeidsstyrken er heilt utan arbeid i fylket. Det er den lågaste prosentsatsen på landsbasis. Snittet i Noreg ligg på 2,4 prosent.
Dette syner ei pressemelding frå NAV. I fylket har arbeidsløysa vorte redusert med ni prosent sidan juni 2011.På landsbasis er reduksjonen på to prosent. - Dette er ei meir positiv utvikling enn vi hadde venta på bakgrunn av fleire bedriftsnedleggingar den seinare tida. Auka etterspurnad etter arbeidskraft gir betre moglegheiter for dei som er utan arbeid, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i pressemeldinga. Den største reduksjonen finn ein innanfor bygg - og anleggsverksemd, der arbeidsløysa har minka med 28 prosent sidan same tid i fjor. Størst auke finn ein i undervisningssektoren, der arbeidsløysa har auka med 50 prosent. Balestrand og Eid Balestrand er kommunen i fylket med lågast arbeidslause. I Sognekommunen er berre 0,1 prosent utan arbeid. I Nordfjord er Hornindal, med sine 0,6 prosent, kommunen med færrast utan arbeid prosentvis. 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Eid kommune går utan arbeid - ei auke på ni personar frå i fjor. Totalt er det 61 personar i Eid som går heilt utan arbeid. Les meir om arbeidsløysa på landsbasis her.
|
|





