Spill

Meningsmåling

Er du fornøgd med barnehagedekninga i Eid kommune?



  • 161%
     
  • 238%
     
  • Antall stemmer: 442

Kjøp elektronisk avis

Nyttige lenker

Veret

Redaktøransvar

Ansvarleg redaktør

Tormod Flatebø

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, oppmodas dei til å ta kontakt med redaksjonen i Fjordabladet, telefon 57 88 53 18  eller e-post: redaksjon@fjordabladet.no. Det er også høve til klage nettstaden for brot  på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo.Vi gjer elles merksam på at innhaldet på websidene er beskytta i medhald av Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)

Nyhende

Print Tips en venn
Av Tormod Flatebø 01.06.2012 kl. 09:28

    Ole Schanke Eikum til Innovasjon Norge i Indonesia

    GLOPPEN: Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Ole Schanke Eikum, sluttar i konsernet og blir ny leiar for Innovasjon Noreg i Indonesia.

    Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Ole Schanke Eikum. (Foto Almenning .)

     

    Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Ole Schanke Eikum, sluttar i stillinga for å byrje i ny jobb som leiar for Innovasjon Noreg i Indonesia. Schanke Eikum vart tilsett som administrerande direktør i Ytre Fjordane Kraftlag (YFK) for 11 år sidan, og vart konsernsjef for Sogn og Fjordane Energi (SFE) etter fusjonen i 2003. Sjølv meiner han det er trist å forlate SFE, samstundes som han gler seg til å ta fatt i nye utfordringar internasjonalt.

     

    – Det blir sjølvsagt trist å forlate så mange dyktige kollegaer og eit konsern som er i vekst og utvikling. Eg har hatt mange flotte år i SFE, men etter 11 år i stillinga var tida moden for å søkje andre utfordringar. Då eg fekk tilbodet om å leie arbeidet med å fremje norsk næringsliv i ein spennande og veksande internasjonal marknad som Indonesia, så var det ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til, seier Schanke Eikum.

     

    Nystarta kontor

    Stillinga er nyoppretta i forbindelse med at Innovasjon Noreg til hausten opnar kontor i Jakarta, hovudstaden i Indonesia. Her skal Innovasjon Noreg saman med den norske ambassaden hjelpe norske bedrifter i jakta på kundar og samarbeidspartnarar i landet, med energi som den mest sentrale sektoren.

     

    – Det blir nytt og spennande for heile familien, og heilt sikkert ei stor oppleving både jobbmessig og kulturelt. Med ei folkemengde på 243 millionar er Indonesia verdas fjerde mest folkerike nasjon, og landet kan by på store marknadsmoglegheiter for norsk næringsliv. Det å skulle vere leiar for kontoret i oppstarten blir både ei interessant og utfordrande oppgåve, seier Schanke Eikum.

     

    – Har vore ei sentral drivkraft

    Styreleiar Arvid Lillehauge legg vekt på at Schanke Eikum har vore viktig for konsernet sin vekst, men har forståing for at han no ønskjer nye utfordringar.

     

    – Ole har vore ein dyktig konsernsjef og ei sentral drivkraft i oppbygginga av Sogn og Fjordane Energi til eit av dei største energikonserna på Vestlandet. Det er synd at vi mistar han, men samstundes har eg forståing for at han etter 11 år som administrerande direktør i YFK og konsernsjef i SFE søkjer nye utfordringar. Vi ønskjer han masse lukke til i si nye stilling, seier Arvid Lillehauge, styreleiar i Sogn og Fjordane Energi.

     

    Ei attraktiv leiarstilling

    Schanke Eikum fråtrer stillinga med verknad frå 1. september, og prosessen med å rekruttere ny konsernsjef vil starte så raskt som mogleg. Lillehauge har god tru på at stillinga som konsernsjef vil trekkje fleire gode kandidatar.

    – SFE konsernet tel i dag 250 tilsette, har auka omsetnaden til nærare 1,4 milliardar kroner, og står framfor store investeringar innan både nett og produksjon i åra som kjem. Så det er ingen tvil om at det er ei av dei mest utfordrande og spennande leiarjobbane i fylket som no blir ledig, seier Lillehauge.


     
    1
    Gratulerer med ny og spanande jobb! - Av Ingvar Torsvik Myrvollen 01.06 (10:03)