Nyhende |
|||
|
Av Inger Træen 10.05.2012 kl. 13:21
Lite besøk ved Svor museum. -Ikkje mi sak, seier museumsdirektøren-Det er ikkje vår oppgåve å få mest mulig folk til Svor museum, seier Morten Johan Svendsen, direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum. I fjor hadde museet i Hornindal 792 besøkjande, berre ein fjerdedel av toppåra ti år tilbake. Søndag var det vel tjue personar på opninga med billedvev av Kjellaug Haugen Holter.
Berre i overkant av tjue personar hadde møtt opp på sommaropninga på søndag, trass i lokal kunst frå Nordfjord på veggane.
Søndag opna Svor museum i Hornindal sommarutstillinga. Årets utstillar er billedvevkunstnar Kjellaug Haugen Holter frå Loen, som fylte 90 år 7. mai, dagen etter opninga. Skulpturgalleriet etter Anders Svor i Hornindal har dei siste åra slite med lågt besøkstal. I fjor var besøket nede 792, ein fjerdedel av toppåra for ti år tilbake.
Ikkje vår jobb Svor museum har sidan 2004 vore ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum, og blir administrert frå Førde, der Morten Johan Svendsen er direktør. Under opninga i Hornindal på søndag var han til stades, saman med Nils Gjerland, som er leiar for Hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Men trass satsing på ein lokal kunstnar og ei kunstform med lokale tradisjonar, så strøymde ikkje folk til lokalet. Og direktøren sa ovanfor Fjordabladet at publikumstal ikkje er hans oppgåve. -Vi skal tilby god og variert kunst, og vekslar mellom nyskapande moderne kunst og kunst med meir tradisjonell forankring. Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterk i, seier Svendsen som er oppteken av at folk i Sogn og Fjordane skal oppdatere seg på aktuell kunst. -Her i fylket ligg vi nok eit godt stykke etter når det gjeld å vere oppteken av det siste innan kunstutvikling. Sogn og Fjordane kunstmuseum skal ha ein oppdragande funksjon i så måte, men vi kan ikkje leie folk inn i kunstlokala, seier Svendsen som no ser fram imot opninga av nytt kunstsenter i Førde. -Det nye kunstsenteret vil bli eit vendepunkt for kunsten også her i fylket. Vi vil få inn straumningar frå den store verda, og eg er ganske sikker på at den generelle kunstinteressa vil auke, seier Svendsen som ikkje har nokon planar om å få meir publikum til Svor museum. -Tidlegare har vi satsa ein del på skuleklasser til Svor museum. I år går den satsinga i retning mot pensjonistlag og grupper med blinde og svaksynte, seier Svendsen.
Åtte millionar i offentleg støtte Sogn og Fjordane kunstmuseum, som Svor Museum er ein del av, får totalt i overkant av åtte millionar i offentlege tilskot kvart år. Pengane er fordelt med 3,5 millionar frå staten, 3,9 millionar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og 644.000 kroner frå kommunane. Under Sogn og Fjordane kunstmuseum kjem Kunstsenteret i Førdehuset, Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sogn Kunstsenter og Anders Svor Museum.
Svor museum på botnen av statistikken Svor museum ligg langt tilbake på statistikken når det gjeld besøk i 2011, samanlikna med dei seks ulike kunstmusea som kjem inn under Sogn og Fjordane kunstmuseum. Besøk i 2011: Kunstsenteret Førdehuset 5.921 Sogn kunstsenter 5.395 Astruptunet 3.744 Eikaasgalleriet 3.393 Sogn og Fjordane kunstmuseum Prestebøen 858 Anders Svor museum 792
Nedgang frå 3000 besøkjande For ti år sidan låg besøkstalet rundt 1500 kvart år, med nokre toppår på 3000 ved Svor museum. Viktigaste årsaka til nedgangen er at turistbussane på overlandstur har slutta å stoppe ved museet.
Nybygg til 93 millionar i Førde I september opnar nybygget Sogn og Fjordane kunstsenter i Førde, til ein prislapp på 93 millionar kroner. Finansieringa er 35 millionar frå staten, 38,7 millionar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og 19,3 millionar frå Førde kommune. Bygget vil bli ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum.
1
Jaja, det er i alle tilfelle bra vi har en regjering som satser på kultur, selv om interessen er lav, så får det heller gå i dass med helsevesen, veier og annet slikt unødvendig.
- Av varegveum 10.05 (15:43)
|
|||






Jaja, det er i alle tilfelle bra vi har en regjering som satser på kultur, selv om interessen er lav, så får det heller gå i dass med helsevesen, veier og annet slikt unødvendig.