Nyhende |
|||
|
Av Tormod Flatebø 17.04.2012 kl. 17:31
Auka løyvinga til rassikring i BalestrandPOLITIKK: Fylkestinget vedtok tysdag å auke ramma til rassikringsprosjektet Algøya langs fylkesveg 152 mellom Ulvestad og Menes i Balestrand kommune med 16. millionar korner. Det skal byggjast ein kort tunnel forbi raspunktet.
Fylkespolitikarane auka løyvinga til rassikring av fylkesveg 152 mellom Ulvestad og Menes i Balestrand kommune. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Algøya skulle eigentleg sikrast med eit rasoverbygg, men Statens vegvesen har konkludert med at dette ikkje er mogleg. Fylkestinget måtte difor ta stilling til kva som skal gjerast med vegen i møtet 17. april.
Overførte midlar frå Veitastrond Fylkestinget følgde tilrådinga frå fleirtalet i fylkesutvalet, og vedtok at det skal byggjast ein kort tunnel forbi raspunktet. Denne skal nyttast i periodar der vegen er rasutsett, eksisterande veg skal nyttast resten av året.
Ramma til rassikringsprosjektet vert auka med 16 millionar kroner for å få på plass tunnelen. Fylkestinget overførte midlane frå rassikringsprosjektet fv. 337 Bjødnabakken mellom Veitastrond og Hafslo.
Fylkestinget vedtok dette med 28 mot 11 røyster. Representantane til FrP og Høgre fremja framlegg om at rassikringsprosjektet på Algøya skulle utsetjast og vurderast på nytt i sambandet med Regional transportplan 2014–2017. Dette framlegget fekk 11 røyster og falt.
|
|||





